Filmdagbok
ness
21-nov-2007

Seinfeld sesong 9

24 episodar.

SeinfeldÅ sjå alle «Seinfeld»episodane har vore eit av dei større måla mine på tv-fronten dei siste få åra. Ettersom eg aldri har vore spesielt flink å følge med på tv til faste tidspunkt og «Seinfeld» går i eit sett på TV3 med uuthaldeleg reklame, eller at eg ikkje har sansen for dårlege tv-opptak, så har det blitt å vente på DVDane.

Sidan dette var siste sesong og greier så er det på plass å hylle «Seinfeld» for alt serien har bydd på opp i gjennom, frå og med dei enkle og meir jordnære episodane i starten via betre samanhengane sesongar i midten til dei fiksjonsfyllte siste-sesongane. Av alt har eg satt størst pris frå fjerde sesong og utover, då desse har vore meir prakka på med sprø, sprø humor.

Siste sesong, nummer ni, har nok vore den villaste og mest urealistiske. Ein plass måtte nok dei gi seg, så dette var forsåvidt eit greitt tidspunkt, den finst grenser tilogmed for «Seinfeld». Det flotte med at serien har blitt stadig spissare er at den har unngått å gå seg sjølv altfor mykje i reprise.

Sjølv om eg aldri har vore oppslukt i serien på eit persondramanivå var det vemodig å sjå dei siste to episodane, «Seinfeld» har satt sine spor i tv-historien og i mitt eige forhold til tv-seriar.

Alle kjenner til serien på ein eller anna måte, fy og skam til dei som måtte trå fram og sei i mot, difor står eg ut i frå djupare utgreiing, alle veit kva som er å vente av «Seinfeld».