Filmdagbok
ness
22-nov-2007

Weeds sesong 3

15 episodar.

Weeds«Weeds» er fin underholdning, ei blanding av god humor og provokasjonar. I tredje sesong er det kristenfundamentalistar med dobbeltmoral som får mest kritikk, men «Weeds» har meir på hjarte enn berre å kritisere denne gruppa, konstruktiv kritikk til pornobransjen blant anna.

Eg har aldri vore kjempestor fan av serien, men eg synst den likevel er god nok til å bruke tid på i blant, det er uansett ikkje snakk om mange eller lange episodar. Her betalte det seg med blant anna favorittkarakteren min, Doug, sine mange collegeaktige spøkar. Den frikast i minne er banjospeling til snakking tunger (dei kristne igjen!).

Rykta seier at Showtime vil fortsette å bestille inn «Weeds», ein fjerde sesong vil/kan altså dukke opp. Eg seier ikkje nei takk til det når den tid kjem.