Californication sesong 1
12 episodar.
Vulgær serie om ein suksessrik forfattar som har køyrt dødt løp ei stund og driv dank på austkysten med sigaretten i eine handa og whiskeyen i andre. Den kjente stereotypen, vår alkoholiserte forfattar, er utgongspunktet for Hank Moody, men sjølv om han på si side er tragisk er han festleg å følge med på og ein fin variasjon av forfattartypen, ein sterk karakter som gir «Californication» eit godt grunnlag. Dette åleine er ikkje nok for å skape ein ultimat serie, heldigvis har «Californication» andre godbitar på lur, ein skalla agent er ein av dei tinga som veks seg til etter kvart, ein smart tone i avslappa utførelse skapar ei unik stemning.
Så mykje som eg likar det David Duchovny gjer ut av seg her, den flotte og skarpe kritikken som dukkar opp i form av små handlingar eller skriveri, tv-produsentane bak serien som ikkje er redd for å vise litt naken hud på ekstra vulgært vis, så blir det aldri tent noko gnist i meg når eg ser dette. «Californication» er morsomt å følge med på, enkelt å bli hekta på, men for meg blir det liggande litt grunt. Dottera til Hank Moody er ein av faktorane som vinglar mellom “kult innslag” til “litt vel mykje”, eg skal ikkje påstå at det ikkje finst smarte unge jenter som ho, men måten ho reflekterar og kommenterar dei mange observasjonane sine fell aldri i smak.
Forutan dette har eg lite spesifikk å gripe fatt i, eg veit berre at tross alt som fall litt skeivt på plass her så er eg interessert i å ta opp igjen tråden ein gong i framtida. Ingen gullpenn på «Californication», men vel verdt å bite seg merke i blant dramakomediar i halvtimesformatet, og eit fint tillegg i Showtimekatalogen.
