On the Waterfront (1954)
User Rating: 8.4/10 (24,832 votes)
Ved sidan av «The Godfather» er «On the Waterfront» ein av filmane Marlon Brando vann Oscar for i si tid. Som den fortsatt unge eks-boksaren Terry Malloy er han ein av favorittane til fagforeiningsbestyraren ved hamna, ein ikkje fullt så vennleg Johnny Friendly. Fersk i gamet veit ikkje Malloy alltid kva han går til, og når ein av feltturane fører til eit dødsfall hjå eit fagforeiningsmedlem dukkar det opp tvil og skuld i sinnet hans omkring miljøet han befinn seg i. Når han etter kvart stiftar kjennskap til den avdøde si søster byr det på trøbbel for fleire enn berre han sjølv.
«On the Waterfront» er ikkje berre Marlon Brando sin film, god i rolla som Terry Malloy han er, den prøver å vere eit bevis på at plassen ein er tildelt i samfunnet ikkje nødvendigvis er si eiga forteneste, så lenge ein er klar over dette kan ein kjempe for noko betre. Du har anti-helten Malloy sin kamp mot mot overmakta tross at folk flest er så redde at dei snur ryggen til når han treng hjelp. Overmakta, her representert i form av gangsterar som driv fagforeininga, styrer godt unna dei verste klisjeane tileigna til gangstermiljø og mafia (det er for saks skuld ikkje mafiaen me møter her), men let nok kjente sider vere igjen - nok til å skape skikkelege skurkar og gi inntrykk av ein håplaus situasjon for dei undertrykkte. Den romantiske delen av filmen fungerar godt ved sidan av dette, og stikk heller aldri av med det største fokuset i filmen, likevel blir den tilegna nok tid til å gi inntrykk av at Malloy sin kamp åleine er litt sjølvpåskulda?
Fin film med fleire gode sider, litt slapp innimellom, men har ei god historie, gode skodespelarar og i blant får den fram fin kjemi mellom dei ulike aktørane.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jeg liker denne filmen meget godt (9 av 10 muligens). Marlon Brando bringer en utrolig karisma inn i Terry Malloy-karakteren, selv om det sies at han ikke var spesielt fornøyd med prestasjonen selv.
Jeg kan se at tiden kanskje ikke har vært veldig snill med filmen, men det var noe ved den som grep meg. Det er 2-3 år siden jeg så den, så klarer ikke helt å sette fingeren på det nå. Kanskje jeg bør se den igjen snart. Men det er helt klart en “må-se-film”.