Filmdagbok
ness
28-nov-2007

Så lenge den har fire hjul

På tide med ein bildespesial, på kanten til kva som kan bli tillat på ein filmblogg …

Ikkje reint få gonger har eg sett ein bil på film eller tv og fått veldig, veldig lyst på den. Om det er ein faktisk bil eller ein oppfunne modell i forbindelse med filmen har ingen ting å sei, sjølv om eg vil halde meg til den førstnemnte kategorien i denne omgang. Om bilen i heile tatt er spesielt køyrbar trekk ikkje ned, så lenge det finst sjarm. Noko særeige, kanskje litt rart, at bilen har karakter er det viktige det er tross alt ein partner ein vil forhalde seg til veldig ofte!

Såvisst har du «Ghosts Busters»-bilen, DeLorean frå «Back to the Future» og the Batmobile, men her er godbitane, iallfall første del. Eg skal prøve å få hugsa på fleire, både faktiske og custom made (til film), seinare.

Etype
«Harold and Maude» opererar med eit par typar likbilar, Cadillacen er i og for seg ganske fin, men det er varianten av ein Jaguar E-type som står seg best ut, mest fordi den eigentleg er ein sportsbil, ombygd til likbil. Kort og utruleg stilig, bygd om på den einaste måten det går an utan å ta fullstendig vekk det faktum at det er ein klassisk Jaguar.

Citroen DS
Teknologien i «Battlestar Galactica» ligg på enkelte område langt framfor vår, men på mange område er det berre etterlikningar av vår tids løysingar. Spennande er det å finne likheiter, som at Commander Adama barberar seg framfor ein spegel frå IKEA eller at innbyggarane på Caprica køyrer Citroën DS. DS er eit ordspel som kan oversettast til gudinnne på norsk, og sjølv om denne gamle bilen ikkje er ei gudinne blei eg likevel betatt. Produsert over fleire tiår var det nok modellar, med små ulikheiter, å velge mellom. «BSG» har valt ein frå rundt 1972 trur eg, ikkje akkurat sexy, men at den i heile tatt har vore med i serien gjer den ganske kul for min del. Episoden var forsåvidt nr 18 i 2. sesong, den med garasjen under kafeen.

Fiat 500
Fiat 500, eg kunne ha funne tonnevis med filmar og seriar som har vist denne, det er jo ein ganske vanleg bil. «Life on Mars» og «MacGyver» har hatt den som bakgrunnsfyll, «Fifth Gear» har testa den. Den vesle bilen har dessutan fått ein remake (filmblogg brukar filmtermar), 2007-modellen ser litt større ut, det er det einaste eg veit foreløpig (blir meir research seinare). Tilbake til den gode gamle Fiat 500, som eg tek med mest fordi den er kul, mindre fordi eg har plassert den i ein spesifikk film/serie.

Mr Bean
Først inne på små bilar, det er umogleg å komme forbi Mr. Bean sin gule blikkboks med svart panser, Minien over alle Miniar. Det beste er sjølvsagt å styre den frå ein nyinnkjøpt stol på taket. Kunne ha teke med ein av trehjulingane som han stadig støyter på, men det får bli med å nemne at eg er klar over dei.

Alfa Romeo Spider Duetto 1600
Fronten på denne bilen er ei form som går igjen, men denne Alfa Romeo 1600 Spider Duetto, brukt av den unge Dustin Hoffman i «The Graduate», ser litt ekstra paddeaktig ut spør du meg. Den manglar aggressivitet og kraft i uttrykket, og står fram som ei litt pinglete bil. Tek ein vekk hjula skulle ein tru det var ein rar båt. Alt sagt i ei positiv ånd sjølvsagt, det er jo flotte grunnar til å skaffe seg ein slik bil.

Trabant
Trabant 601 står velplassert utanfor eine heime i «Das Leben der Anderen», og blir brukt godt i «Good Bye, Lenin», ikkje utan grunn - då det var relativt få valmoglegheiter i Aust-Tyskland. Den finst i fleire ulike varianter, alt frå stasjonsvogn til militærvarianten Kübel, felles var at den ikkje var spesielt velprodusert og soleis eit vanleg syn langs vegkanten med opent panser. Om eg hadde unngått problema med ein slik hadde eg følt meg som ein konge bak rattet.

 
Iversen har sagt:

Men.. men hvor er K.I.T.T.? Gir du ikke tv-seriedispensasjoner, kanskje?

ness har sagt:

K.I.T.T. ja, tja, har aldri hatt sansen for Trans-Am, eller sett Knight Rider så eg veit kva bilen er god for.

Jacob har sagt:

Morsom og uvanlig post!

Christine da? :-)

Og hva med “the priceless 1961 Ferrari 250 GT California” fra Ferris Buellers Day Off?

Jeg tror det må komme flere poster i denne serien, gitt.

ness har sagt:

Jacob: Tenker det blir fleire etter kvart med ulike tema, den funky typen, den råe, m. fl. Lista er lang.

Prøvde først å fremst å dekke den litt rare bilen denne gongen, sjølv om Jag E-type ikkje heilt står ved sidan av Fiat 500 i bilhistorien. Har fleire modellar på lager i denne kategorien.

K.I.T.T., Pussy Wagon, Christine, “the priceless 1961 Ferrari 250 GT California”, eg kan nok finne plass til dei fleste så lenge viljen strekker til.

Hjorthen har sagt:

Citroen DS er da såvisst både kul og sexy. Ja takk til den sier nå jeg. Tidligere var jeg lykkelig eier av en 2CV som het Ansjosen. Kulere bil har ihvertfall ikke jeg hatt…(Noe som strengt tatt ikke sier stort, men allikevel…)