«Nosferatu», basert på Bram Stokers «Dracula», er ein av dei store stumfilmklassikarane og eit direkte forbilde til bl.a. Werner Herzogs «Nosferatu: Phantom der Nacht» som eg såg tidlegare i haust.
Eg har lenge hatt lyst til å sjå «Nosferatu», dei stumfilmane eg tidlegare har fått sett frå denne periode har alle imponert eller underholdt, men med lange lister over nyare filmar eg har lyst til å sjå er det ofte litt for enkelt å nedprioritere det aller eldste.
Graf Orlok (Max Schreck) har lyst på eit hus utanfor Transylvania, så han kan få lettare tilgong på ferskt blod og unge jenter, ein medhjelpar i boligbransjen sender mannen Hutter avgårde for å fikse dealen. Det endar opp med at Orlok pakkar sakene og reiser komfortabelt med sine rotteinfiserte kister for å leve bylivet.
Sjølv om eg har fÃ¥tt historia servert i Herzogs film, tilnærma lik — berre betre flyt, er det kjekt Ã¥ sjÃ¥ «Nosferatu» pÃ¥ gamlemÃ¥ten. Ev. tale blir presantert pÃ¥ plakatar, gesturar er viktige. Fabelaktig sminke, flotte kulisser og tydeleg foto er med pÃ¥ Ã¥ bringe meir enn berre historia fram pÃ¥ skjermen. (Kvaliteten, sjølv i delvis oppussa tilstand, mÃ¥ sjÃ¥ast relativt til alderen). Scener som der me ser Orlok knyter hendene med dei svære klørne treng ikkje andre fakter for Ã¥ fungere. Dette gÃ¥r igjen i heile filmen; enkle, billedlege forklaringar i tydeleg klypt rytme driv all handling fram. Ingenting du ikkje har sett brukt i ettertid, men eit godt eksempel pÃ¥ der det har blitt tidlaust og endÃ¥ fungerar.
Med ny musikk framført av Art Zoyd var det moderne og bråkete jazz som prega lydsporet i mitt tilfelle, det fungerte ikkje like godt heile tida, utan at det blei dårleg på nokon måte. Eit par sekvensar fungerte så godt på bildesida at eg sakna matchande musikk. Bortsett frå dette pirket har eg ikkje så mykje å utsette på «Nosferatu», den innfridde forventingane mine og dempa filmsuget for laurdagskvelden.

«Galápagos» er ein dokumentarserie frå BBC i ånd av «Planet Earth», og leverar i løpet av tre episodar visuelt fengande foto, historien til øygruppa som me kjenner den og ei innføring i dyre- og plantelivet. Då Galápagos ligg eit godt stykke utanfor veskysten til Sør-Amerika og har vanskeleg tilgjengeleg landskap har naturen der vore relativt godt beskytta fram til moderne tid. Livet der har fulgt si eiga utvikling og byr på artar som ikkje finst maken til andre stader i verda. Vulkanar har skapt øyene og driv endå på, sakte bevegar dei seg austover og synk ned igjen under havoverflata. I tal eksisterar det 13 store øyer, 6 mindre øyer og 107 småberg.
Så gav eg «Life on Mars» ein ny og rettferdig sjanse etter å ha surra forbi første episode av serien tilbake i februar år 2006 og gitt den opp som så mykje anna det aldri er tålmodigheit nok til å følge med på.
Eg gikk til «Death Wish» med nesten ingen forventingar, forutan framsyninga av Charles Bronson, ein mann eg kjenner pÃ¥ namnet, visste eg lite handfast. Grunnen til at eg kom over filmen var mine nylege møter med Rambo («II» og «III») og den vesle likskapen desse har under nemninga av Ã¥ vere «one man army» filmar.
Matthew (Emile Hirsch) er den perfekt studenten, med gode karakterar, moglegheiter for stipend og aktiv i skuleaktivitetar, men han manglar den sosiale opplevelsen som senior på highschool. Så flyttar den søtaste og penaste av alle jenter inn i nabohuset, Danielle spelt av Elisha Cuthbert. Ho og Matthew blir knirkefritt forelska i kvarandre, problema oppstår når Danielle si fortid blir kjent for Matthew. «The Girl Next Door» er ein grei romantisk komedie, ingenting meir, her skjer det ingenting uventa i handlingsforløpet. Vinklinga av historia forsøker å vere frekk og klarar nesten å gjere dette litt meir interessant enn den vanlege highschoolkomedien.
Musikalar på tv er eg sjeldan bortom, helst når tv-seriar har fått nokre år på nakken og føler seg sikre på seg sjølv til å gjere noko forskjellig er dette tilfelle. Eg er ikkje spesielt glad i at tv-seriar gjer slikt, eller set ein heil episode tilbake til 1950-talsstil for den sags skuld, men det finst unntak, som «Scrubs». «Buffy the Vampire Slayer» blir nok ein anna når eg kjem så langt. For nokre vil «The Singing Detective» vere det mest sjølvsagte eksempelet, eg likte den aldri godt nok til å bli ferdig, men skal prøve meg igjen om eit par år, ein veit aldri. «Blackpool» er ein musikal tvers igjennom alle episodane, satt til kasinomiljøet i byen som ligg på vestkysten av England.
«Blackpool» handlar om Ripley Holden (David Morrissey), familiemann og entrepenør for eit lite kasino. Når eit lik blir funne i kasinoet hans dukkar etteforskar Carlisle (David Tennant) opp og skapar ein del bry for Holden, og stor glede for publikum, han er jo ein genial skodespelar, dei fleste i serien held faktisk eit høgt nivå. Alt med det amerikanske (forsøket på) remake, «Viva Laughlin», som blei kansellert etter to episodar, blir patetisk i samanlikning. Ta personen Holden, i den britiske versjonen ser han stort sett ut som ein normal mann, med eit mørkt ansikt som er vanskeleg å lese. I den amerikanske versjonen er han nok ein middelaldrande «kjekkas» utan karisma.
Gjennom seks episodar følger me etterforsking, familiedrama, mørke hemmelegheiter, gode songnummer, som om det var ein lang film. Difor har søndagen gått med til lite anna. Ikkje alt er like ferskt, serien har sin del av velkjent drama og forviklingar, men det fungerar godt. Eg blei betatt ganske tidleg og sat med ei god kjensle gjennom heile serien, som er akkurat passe lang. Til slutt sit eg igjen med ein einaste tanke, å anbefale dette vidare. Søk på «Blackpool» via ein av dei fancy videosidene som finst der ute og du vil definitivt finne nokre kjekke songnummer, men som med mykje anna er det best i kontekst.
Så stod eg der med eit lekker metallomslag i hendene, såg på ein tittel som stod på Kosmorama sitt filmprogram i april tidlegare i år, opna ein bokse som innehaldt både soundtrack og bonusdisc i tillegg til sjølve filmen. Ein utsett film, alt for 80kr, eg kjøpte den.
Å, det kriblar, andre sesong har så mykje å ta tak i at eg ikkje veit kor eg skal starte. Men det er vel berre å gjere eit forsøk, det kan umogleg skade.
Konspirasjonsteori. Uventa overraskingar. Ein kunnskapsrik, men oppslukt mann i hovudrolla med mistenksomme folk rundt seg. Kjente ingrediensar, brukt i thriller på thriller, fleire ganske opplagte, andre meir elegante og underholdande. Med den rette oppskrifta kan det bli bra, som med «Arlington Road».
Før: Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen (litt «James Bond»?) og forskjellige element frå superheltehistoriar, ei viss old school feeling og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det mest morosame. I lyset av «Shrek 2» synst eg derimot den låg eit hakk under på det humoristiske. Ca. dette var å lese i Filmdagbokinnlegget frå den gong.
No: Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, «The Incredibles» er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt i forhold til vanleg film med spesialeffektar utan at ein reagerar på det, endå nærmare teiknefilmsjangeren. Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlingsforløpet er forutsigbart så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt. Disney/Pixar har laga ein film for (store deler av) familien, så nokre moralske preikenar må ein tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på bekostning av dette, The Incredibles har noko flotte høgdepunkt som aktiverar smilebandet, litt mør er den i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.