Beste film: 2007

Plakat 2007365 dagar seinare var nok eit år er omme, eg har sett litt mindre film i år enn i fjor og ein del betre film. Planen var å lage ei liste basert på kategoriar som eg gjorde i fjor og året før, noko eg etter fleire forsøk har måtte gitt opp, resultatet er alfabetiske topplister som følger lengre nede.

Eg har smelt til med nok ei filmplakatetterlikning for å lage stemning i forbindelsen, tittelen røper meir enn godt nok kva Londonplassert zombiefilm frå 2002 eg har latt meg inspirere av.

Litt om listene kan bli sagt, dei var først og fremst vanskelege å sette i stand, spesielt blant åra 1939-1979 hadde eg problem med å få inn det eg likte best blant til ei midlertidig topp-20 liste, når det kom så langt som til å lage ta ut dei 10 beste derifrå igjen måtte eg vri meg i smerte når herlegdomar på rekke og rad blei fjerna. Å rangere filmane fekk eg aldri til, så det har blitt med alfabetiseringa, rettferdig opplegg, ettersom eg gjerne ser tilbake på filmar i ulike sjangrar med forskjellig holdning til underholdningsverdi og filmopplevelse. Perioden som viste seg å bli enklast var 1980-2005, mykje god film her òg, men blant dei beste og resten var det enklare å skilje. At tidsrommet er langt mindre enn for eldre film betyr jo også noko, og må takast i betrakning for lesing av listene. Håpar til slutt at nokon kan sjå listene som ei hjelp til titlar det kan vere greitt å merke seg.

Fersk film (2006-2007), alfabetisk:

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford (2007)
Children of Men (2006)
Futurama: Bender’s Big Score! (2007)
Hot Fuzz (2007)
In the Land of Women (2007)
Planet Terror (2007)
Rocky Balboa (2006)
Shi gan (2006)
Stardust (2007)
Stranger Than Fiction (2006)

Mellomåra (1980-2005), alfabetisk:

28 Days Later… (2002)
Before Sunrise (1995)
Bin-jip (2004)
Blue Velvet (1986)
Das Boot (1981)
The Breakfast Club (1985)
Edward Scissorhands (1990)
Love Actually (2003)
Salinui chueok (2003)
Tonari no Totoro (1988)

Eldre film (1939-1979), alfabetisk:

12 Angry Men (1957)
Alien (1979)
The Apartment (1960)
Deliverance (1972)
Mr. Smith Goes to Washington (1939)
Rio Bravo (1959)
Rocky (1976)
Roman Holiday (1953)
Sleuth (1972)
Some Like It Hot (1959)

One Man Army

Det hele startet som et veddemål med Ness om å se denne filmen, «One Man Army», 1994, for de som ikke vil trykke på linken.

Det endte opp med at IMDb har feil poster på sida si og jeg istedenfor bestilte feil film(er) på Amazon, jeg fikk tilsendt en samling som het One Man Army med actionstjernen fra 70-tallet, Fred Williamson i hovedrollene. Samlinga besto av de tre filmene: «Deadly Impact», «Death Journey» og «Mean Johnny Barrows». Dette var ikke noe særlig å ropa hurra om, for å si det mildt. Alle tre filmene var preget av svake skuespillere, dårlige actionscener og ikke minst horribel bildekvalitet. Litt om hver film her:

Deadly Impact (1984, De Angelis)

IMDb: 3.6/10 (42 votes)

Deadly ImpactJaja, hva skal man si om denne filmen. Williamson spiller en helikopterinstruktør som hjelper sin gode politivenn i jakten på to kriminelle som er på jakt etter en stor sum med penger som en dame har fått igjennom å svindle et kasino i Las Vegas. Filmen er full av biljakter og utrolige dårlige regisserte bilkrasj. I en scene så dukker det plutselig en trikk midt i veien og bilen klarer på mirakuløst vis å hoppe over! I en annen scene så krasjer helikopteret i en fjellvegg, men noen sekunder senere dukker det opp igjen! Hvis du sper på med elendige skuespillerprestasjoner, så har du en svært laber film, noe denne filmen var!

Death Journey (1976, Williamson)

IMDb: 4.0/10 (53 votes)

Death JourneyDenne filmen handler om Jessy Crowder (Williamson), som spiller en slags dusørjeger som skal transportere et vitne i en mafiasak fra Los Angeles til New York. På veien så møter han masse kvinnfolk som han sjekker opp og dreper mange skurker. Skytescenene og slåsscenene i denne filmen er så dårlig laget at det blir på grensen til komisk. Det skal i tillegg nevnes at han går med åpen skjorte overalt i filmen! Undertegnede hadde store problemer med å fullføre denne filmen. Anbefales ikke!

Mean Johnny Barrows (1976, Williamson)

IMDb: 4.3/10 (78 votes)

Mean Johnny BarrowsHer spiller Williamson en krigshelt som kommer hjem fra Vietnam og som ikke får seg noe jobb og ender opp på gata. Etterhvert blir han tilbudt en jobb som leiemorder for en mafiafamilie som er i krig med en annen mafiafamilie. Han viser liten nåde og dreper mange gangstere. Nok en dårlig film preget av skuespillerprestasjoner som er under enhver kritikk.

Alt i alt er denne samlinga ikke verdt å bruke penger på, til tross for at undertegnede betalte bare rundt 100 kr for alle tre filmene.

Bridge to Terabithia (2007)

IMDb: 7.4/10 (16,682 votes)

Bridge to TerabithiaEin god barnefilm skal i mine auger, vaksne som dei er blitt, appellere like godt til både barn og vaksne. Måten den skal gjere det på; den skal vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. «Bridge to Terabithia» klarte å involvere meg i både karakterane og fantasien, den utfordrar dessutan sistnemnte til ei viss grad og innfallet av spesialeffektar er minimalt til fordel for filmen i forhold til kva kinotraileren kunne gi inntrykk av.

Alvoret pregar «Bridge to Terabithia». Eg er fan av barnefilmar som torer å gjere noko ekstra forutan å underhalde, då kvardagen tross alt ikkje er ei dans på roser. Protagonisten, Jesse, blir mobba på skulen og delvis oversett i heimen. Når nabohuset får nye bebuarar tek det kort tid før jentungen deira og Jesse blir venner og diktar opp eit kongerike på andre sida av bekken.

Få filmar er perfekte, «Bridge to Terabithia» har nokre små laster den med. Eg er mindre glad i religiøse undertonar (men kan gjere gå god for filmar som faktisk handlar om religion). Denne har undertonar eg kunne klart meg forutan, heldigvis er dei få. Så var det spesialeffektane, som i blant er eit godt supplement til filmen og bidreg til moglegheita å sjå verda gjennom augo til ungane, andre gonger er det unødvendig og kunne ha vore unngått.

Som konklusjon kan eg sei meg positivt overraska, eg visste at dette ikkje var ein film fullpakka med spesialeffektar, slik som kinotraileren gav inntrykk av, og forventa soleis ein heilt ok barnefilm, det eg fekk var ein god barnefilm som ikkje ligg langt unna fjorårsfavoritten «Zathura». Lat deg då ikkje lure av DVD-omslaget, filmen tek plass i den ekte verda (som framstilt på film).

7/10

The Game (1997)

IMDb: 7.6/10 (47,725 votes)

The GameMichael Douglas pussar dei dyre lakkskoa sine nok ein gong og trår inn i rolla som forretningsmannen mange har lært seg å kjenne. Denne gongen er han blant San Franciscos rikaste og kan karakteriserast som mannen som har alt, eller iallfall det meste, tilværelsen hans er prega av forutsigbarheit og det at han har full kontroll.

Når bursdagen til Nicholas van Orton (Douglas) nærmar seg dukkar broder Conrad opp, greitt nok tolka av Sean Penn, og gir Nicholas ein av få ting som kan givast til mannen som har alt, eit gåvekort for deltakelse i The Game, eit skreddarsydd spel som vil ta plass i kvardagen til Nicholas i nær framtid. Stort meir enn å kalle det eit spel vil eg ikkje gjere, då heller ikkje filmen gir ei definisjon på dette, her er opp til publikum å lære undervegs.

«The Game» startar ganske roleg, Douglas gjer ei rolle han tydeleg kan og filmen byr ikkje på dei store overraskelsane i løpet av den første delen av filmen. Etter litt tid byrjar det å bli fart i sakene, sjølv om mykje av framdrifta ligg i korta blir det spennande etter kvart, det å avdekke alle laga filmen er bygd opp av gir iallfall meg glede. David Fincher har eit auge for detaljar som kan avlesast undervegs, utan at desse blir for opplagt til å gi inntrykk av at han undervurderar publikum. Filmen er nok ikkje mannens sterkaste, men køyrer stort sett på til siste slutt, og fell i smak her.

7/10

No Country for Old Men (2007)

IMDb: 8.3/10 (165,278 votes)

No Country for Old MenCoens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.

7/10

Crash (2004)

IMDb: 8.1/10 (148,798 votes)

CrashEtter Ã¥ ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje Ã¥ dekke til temaet, som er rasisme, pÃ¥ nokon smart mÃ¥te, Paul Haggis legg heller ikkje skjul pÃ¥ at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, sÃ¥ det tek kort tid Ã¥ komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt nÃ¥r det gjeld karakterutvikling, det gÃ¥r i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augo og er med pÃ¥ Ã¥ levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trÃ¥dblanding.

7/10

The Great Dictator (1940)

IMDb: 8.3/10 (21,108 votes)

The Great DictatorSir Charles Chaplin Jr. markerte overgongen frå stumfilm til lydfilm relativt seint, når han i 1940 kom med krigssatira og parodien på Adolf Hitler og det tredje riket i «The Great Dictator». Likheiten til Hitler er i blant skremmande, Chaplin er som kjent både liten og med signaturbarten sin og luftige knickers er det tøft å sjå han trå inn i ei rolle som etterliknar ondskapen sjølv. For å få komedien til å verke spelar Chaplin også ein jødisk frisør, som for å kunne bli hylla som helt og samtidig få skrytet for å portrettere den grusomme fienden.

Ved Ã¥ ta opp diktatur, folkeundertrykking og krig som tema gir Chaplin god grunn til bÃ¥de drama og komedie, der gesturar gjerne knytta til slapstickhumoren i stumfilmen fÃ¥r variere med glimrande babbel eller sterke monologar besatt av meiningar med gode intensjonar. Av babbel er tulletysken til diktator Adenoid Hynkel eigentleg veldig simpel, med ord som wiener og sauerkraut i ei rekke av uforstÃ¥eleg nonsens, men det gjer susen — Chaplin viser seg Ã¥ bere ei kraftig stemme, god til Hitlerparodierte talar.

«The Great Dictator» er med sine 2 timar ein lengre film, etter å ha sett Chaplin før og vore glad med det var eg likevel småskeptisk til om dette kunne halde over så lang tid. Blandinga av drama, komedie og krig viser seg å vere det perfekte område for Chaplin sitt utløp for politisk engasjement og komiske talent, der han med tale kan strekke ut historia ved sidan av flotte bilderekker eg ser for meg lett kunne ha blitt gjort i stumfilmsamanheng.

9/10

Top Gear sesong 10

10 episodar.

Top GearI beste «Sky Captain and the World of Tomorrow»-stil gjer eg litt ekstra ut av oppsummeringa omkring haustens «Top Gear», trykk på bilde for større versjon. Serien beviser stadig seg å vere det beste programmet innan talk show/dokumentar/underholdning/sport, og dei nyaste episodane er ingen unntak. Også i år har «Top Gear» vunne pris for å vere beste aktualitetsprogram utan manus, sjølv om dei som følger med veit at dette ikkje stemmer, då dei har annonsert opp til fleire gonger at dei har papir å halde seg til.

Afrikatur, tilbakekomst av amfibiebilane, Bugatti vs. Eurofighter, bubilrace, test av eldre Leylandbilar, nye Fiat 500 vs. tullingar på sykkel, båt vs. offentleg transport vs. bil vs. sykkel gjennom London, David Tennant som gjest. Dette er berre smådeler av sesong 10, der ingen av episodane skil seg ut som dårlege, men heller ingen ser ut til å vere for like i tråd med tradisjonell «Top Gear»-oppbygging.

Meir «Top Gear» blir det til våren/sommaren, i mellomtiden blir det vanskeleg, om ikkje umogleg, å fylle holet i timeplanen med noko som er i nærheit av å vere så bra innan same sjanger.

It Happened One Night (1934)

IMDb: 8.3/10 (14,755 votes)

Clark GableKvinne rømmer frå far, mann møter kvinne, kvinne mislikar mann, mann og kvinne slår følge frå Miami til New York. Clark Gable er journalisten og Claudette Colbert er nyheitsverdien som møtes tilfeldig på ein buss, den eine på veg heim til ein jobb som ikkje lenger er hans, den andre på flukt frå ein overbeskyttande far. Historien er klassisk, to rake motsetningar er bestemt til å hamne i kvarandre sitt selskap, uansett kor mykje dei på ulike tidspunkt har noko i mot kvarandre.

Handlingsforløpet byr ikkje på nokon overraskelsar så det var sagt, nok ein gong handlar det om utførelsen, den er det Frank Capra som står bak. Er ein forberedt på klassisk romantisk komedie så ligg ein godt an, «It Happened One Night» går gradvis innpå deg som god romantikk på film skal. Verken Clark Gable med sin tynne bart eller Claudette Colbert leverar rollar eg ville skrive heim til mor om, men det er kanskje ikkje meininga at dei skal utmerke seg som spesielle karakterar på same måte som James Stewart gjer i f.eks. «Mr. Smith Goes To Washington»? Colbert går ganske greitt frå å vere rikmannsdotter til å bli meir overkommeleg selskap, problemet eg hadde var at ho mangla det vesle ekstra i utrykket, søtheita er det ingenting å utsette på. Dette til side, filmen hausta Oscar til både Gable, Colbert og Capra, beste film og beste manus/adapasjon kom i tillegg. Småtinga eg pirka på var dei som kunne ha flytta filmen opp til ein 9 eller 10, for dette gir både godkjensle og giv gjennom 105 minuttar, ein kan be om lite meir.

8/10

I Am Legend (2007)

IMDb: 7.1/10 (133,129 votes)

I Am LegendMin desiderte favoritt blant desse adapsjonane. Settingen denne gongen er New York, fullstendig tømt for menneske. Will Smith er rette mannen til å bere ein film av denne typen, alderen gir truverdigheit til både forskaren og soldaten Robert Neville.

Tempoet til «I Am Legend» er ikkje det høgaste, den tyr i blant til kjente forteljargrep, men hamnar aldri i den dårlege rytmen, heile vegen ligg det ei spenning i lufta. Her er det lagt vekt på å gjere det beste ut av ting, så forvent ingen kjapp introduksjon med 1 time action som følger, «I Am Legend» er ikkje den type film. Historia bak filmen får overraskande mykje ut av seg på kort tid, det er eit rikt detaljnivå i omgivelsane, eg blei tidleg betatt av storleiken på alt. Noko produktplassering finst, ingen av desse går utover filmen si truverdigheit i stor grad. Muterte skapningar herjar også New York på nattestid, her er det ein mellomting mellom zombiar og vampyrar, med sterk fysikk, som fungerar ganske godt. God film, der ei stor glede var at dei har klart å få alt ned til 90 minuttar, noko som utelet eviglange for- og etterord.

7/10
1 / 41234