Control (2007)
User Rating: 8.2/10 (3,155 votes)
Eg har aldri betrakta meg sjølv som eit Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Eit viktig poeng i forbindelse med filmopplevelsen min. Tidlegare i haust gav eg meg tid til å lytte gjennom albumslista og fann i så måte ut at det ikkje var så dum musikk, hadde eg gitt meg endå meir tid ser eg ikkje bort i frå at eg kunne ha blitt godt glad i Joy Division, men det er ei anna sak. Meininga var å få ein idé om kva musikk dette var, før eg skulle sjå Control.
I ettertid ser eg på det som lite viktig å ha eit forhold til Joy Division før ein ser Control, sjølv om det er både kjekt å kunne sette ekstra pris på filmmusikken og vere ekstra svolten på privatlivet til Ian Curtis. For Control handlar i all hovudsak om vokalisten som person, utan å gå innpå historia til bandet i detalj. Control skildrar livet hans over ein femårsperiode eller så utan å ty til romantiseringa me så ofte får i musikkbiografiar, eg tenker i hovudsak på Ray og Walk the Line (som begge likevel er strålandes filmar). Control er gjennomført i svart/kvitt, som ikkje kunne ha passa betre! Det går i eit med humøret og legg ein fin dempar på det faktum at Joy Division faktisk gjer det stadig betre som band utover.
Møte med regissør Anton Corbijn og skodespelar Sam Riley (som Ian Curtis) var mitt første. Gjerne når eg bevegar meg innpå nye namn i filmverden er det eg opplever dei største overraskelsane, utan forventingar eller tvil, samtidig er det så mykje lettare å godta skodespelarane i rollane sine. Control blei ekstra god då eg kom inn i rett modus ganske tidleg og slutta å tenke på det som ein film, då eg hadde klart å nullstille meg i forkant, og det at folk fall på plass ganske fort utan at eg blei sittande å tenke på andre ting, eg har ein tendens til å la kjente ansikt sette fart på koplinga til andre filmar.
Måten ting aldri blir forsøkt forklart kvifor det og det skjer eller korleis Ian Curtis tenker, men overlatt til publikum å observere han og heller prøve å trekke slutningar sjølv med god, gammaldags fundering - utan å få bekrefte noko - gjer dette til ei god filmopplevelse som kan trekkast fram blant musikkbiografiar. Naturlegvis finst det handling som kan gi ei svært enkel forklaring på saker og ting, men det ligg ein mørkare natur i sinnet til Ian Curtis som får dette til å framstå som ein generelt meir interessant film enn berre ei reise frå undergrunn til populartitet.
Dette var mi fundering rundt filmen, som om det var noko tvil om: eg synst var god!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Ser ut til at det blir vanskelig å rekke denne i 2007. Synd.
Utrolig nok fikk jeg ikke sett Control før den ble tatt av plakaten i Trondheim, og Joy Division som er et av de bandene jeg holder høyest og greier… Shame on me, men jeg har den liggende nå. Bare sparer den til juleferien.
Heisann, Daniel, hyggeleg du stakk innom her :)
Just browsin’ :p Greit å få inn noen nye sider på den faste surfelista av og til.