The Golden Compass (2007)
User Rating: 7.2/10 (926 votes)
Med «The Golden Compass» har fantasytrilogien til Philip Pullman, His Dark Materials, entra verda til filmen, og eg har eit delt syn på den første filmen - basert på boka «Northern Lights» (amerikansk tittel «The Golden Compass»).
Det startar godt med ein kort introduksjon til to sentrale aspekt ved His Dark Materials, parallelle verdenar og Støv (med stor S). Jenta som er sentral her heiter Lyra Belacqua og bur i ein anna verden enn vår eigen, med hekser og snakkande isbjørnar, der folk har ein ytre dæmon som til ei viss grad kan forklarast som ei blanding mellom sjel og samvittigheit, men det er meir komplisert enn som så. Ein dæmon tek forma til eit dyr, insekt, fisk eller fugl, og alle menneske har ein. Når barn blir kidnappa og Lyra får ei alethiometer i handa - eit lite apparat som fortel sannheita - startar ei flukt frå Autoriteten og ein redningsaksjon for barna, der både Støv og dæmonar er knytta til det store bilde. Vit uansett at «The Golden Compass» berre er starten …
Det er ikkje til å komme unna at eg har lese bøkene og danna mitt eige bilde av både personar og miljø. Det er heller ikkje til å komme unna at filmen tyr til alternative løysingar for å tilpasse det til filmmediumet. Eg er eigentleg ganske fornøgd med jenta som spelar Lyra, Dakota Blue Richards, ho har eit talent av det merkverdige og blir verken for kunstig eller for “flink”, miljøet er også godt gjennomført - om kanskje ikkje så dramatisk som det kan virke på papiret. Eg synst tilogmed nokon av forskjellane med historien i boka gjorde seg godt, men her stoppar godtankane mine, mesteparten av filmen blei problematisk.
«Northern Lights» (boka) er proppfull av lengre og djupare forklaringar på både det eine og andre, den skapar ein interessant mytologi eller eit konsept som ein gradvis let seg gli inn i, filmen blir meir i retning av handling og treng å skape ei umiddelbar interesse. Eg innser at det ikkje fungerar å lage ein kort og presis film som får med alt som gjer boka god. I staden for å proppe filmen full av dei mest dramatiske handlingane i boka kunne dei ha forklart historia utan å nødvendigvis ty til direkte gjenskaping av episodane frå boka. Filmen går så fort framover at ein aldri får tid til anna enn å sluke inntrykk, og «The Golden Compass» endar berre opp som ein grei og litt overfladisk film. 11-årsgrensa er noko eg ikkje vil gå særleg inn på, men er eit stort problem, det legg ein tydleg dempar på alvoret i bl.a. den enn så brutale isbjørnkampen.
Eg har mange fleire tankar eg kunne ha utdjupa, eg føler meg engasjert, det kokar uansett ned til at eg har blanda følelesar for filmen, eg trur mange av desse følelesane har med å gjere at dette ikkje er så bra som det burde vere, utan at eg på nokon måte vil favorisere boka på bekostning av filmen. Eg er glad i film og svært open for ulike tolkingar ved adapsjonar, likar eg å tru. «The Golden Compass» virka som eit offer for storfilmindustrien - som vil selge filmen på ei mykje solgt bok - og som endar opp å spy ut ein, i stor grad gjenkjenneleg, fantasyfilm midt på treet.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
