It Happened One Night (1934)
Kvinne rømmer frå far, mann møter kvinne, kvinne mislikar mann, mann og kvinne slår følge frå Miami til New York. Clark Gable er journalisten og Claudette Colbert er nyheitsverdien som møtes tilfeldig på ein buss, den eine på veg heim til ein jobb som ikkje lenger er hans, den andre på flukt frå ein overbeskyttande far. Historien er klassisk, to rake motsetningar er bestemt til å hamne i kvarandre sitt selskap, uansett kor mykje dei på ulike tidspunkt har noko i mot kvarandre.
Handlingsforløpet byr ikkje på nokon overraskelsar så det var sagt, nok ein gong handlar det om utførelsen, den er det Frank Capra som står bak. Er ein forberedt på klassisk romantisk komedie så ligg ein godt an, «It Happened One Night» går gradvis innpå deg som god romantikk på film skal. Verken Clark Gable med sin tynne bart eller Claudette Colbert leverar rollar eg ville skrive heim til mor om, men det er kanskje ikkje meininga at dei skal utmerke seg som spesielle karakterar på same måte som James Stewart gjer i f.eks. «Mr. Smith Goes To Washington»? Colbert går ganske greitt frå å vere rikmannsdotter til å bli meir overkommeleg selskap, problemet eg hadde var at ho mangla det vesle ekstra i utrykket, søtheita er det ingenting å utsette på. Dette til side, filmen hausta Oscar til både Gable, Colbert og Capra, beste film og beste manus/adapasjon kom i tillegg. Småtinga eg pirka på var dei som kunne ha flytta filmen opp til ein 9 eller 10, for dette gir både godkjensle og giv gjennom 105 minuttar, ein kan be om lite meir.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
