ness
24-des-2007

Top Gear sesong 10

10 episodar.

Top GearI beste «Sky Captain and the World of Tomorrow»-stil gjer eg litt ekstra ut av oppsummeringa omkring haustens «Top Gear», trykk på bilde for større versjon. Serien beviser stadig seg å vere det beste programmet innan talk show/dokumentar/underholdning/sport, og dei nyaste episodane er ingen unntak. Også i år har «Top Gear» vunne pris for å vere beste aktualitetsprogram utan manus, sjølv om dei som følger med veit at dette ikkje stemmer, då dei har annonsert opp til fleire gonger at dei har papir å halde seg til.

Afrikatur, tilbakekomst av amfibiebilane, Bugatti vs. Eurofighter, bubilrace, test av eldre Leylandbilar, nye Fiat 500 vs. tullingar på sykkel, båt vs. offentleg transport vs. bil vs. sykkel gjennom London, David Tennant som gjest. Dette er berre smådeler av sesong 10, der ingen av episodane skil seg ut som dårlege, men heller ingen ser ut til å vere for like i tråd med tradisjonell «Top Gear»-oppbygging.

Meir «Top Gear» blir det til våren/sommaren, i mellomtiden blir det vanskeleg, om ikkje umogleg, å fylle holet i timeplanen med noko som er i nærheit av å vere så bra innan same sjanger.

 
Arinbjørn har sagt:

Eg har eit forslag til kva du kan fylle tiden med!
Om du går inn på forum.finalgear.com under Video Offers-delen (http://forums.finalgear.com/forumdisplay.php?f=60) så er det linkar til diverse ftp-ar som har godt utval av eldre Top Gear. Kan spesielt anbefale Tweeke`s FTP, som har komplett Top Gear 1989-1993 og 1997-1999.