Haggiskræsj og Tex-Mex for unge
Dagens dobbel på 3. juledag bestod av ein lenge utsatt film og ein ikkje fullt så lenge etterlengta film, begge med visse forventingar knytta til seg. «Crash» har hausta gullmenn og virka generelt godt likt (IMDB), men har blitt utpeikt som oppskrytt fjaseri i andre kretsar, noko som blant anna har gjort at eg lett har prioritert andre filmar framfor den. «No Country for Old Men» kasta eg meg derimot over så sant eg fekk sjansen …
Crash (2004, Paul Haggis)
Etter å ha sett tre filmar av Iñárritu har eg minst ein fot innanfor moderne historiemiks, der skjebnane til utvalte folk i meir eller mindre grad kryssast i eit satt miljø, gjerne ein by, og deler tema. «Crash» prøver ikkje å dekke til temaet, som er rasisme, på nokon smart måte, Paul Haggis legg heller ikkje skjul på at han tek eit standpunkt. Folka som utgjer persongalleriet er blant anna farga politi, kvit politi, rike kvite og fattige, kriminelle svarte. Dette er personar som sjansen er stor for at du har sett like av andre stader tidlegare, så det tek kort tid å komme inn bak personane. Haggis utfordrar ikkje publikummet sitt spesielt når det gjeld karakterutvikling, det går i stor grad slik som ein forventar, fleire av personane blir flate og kjedelege i lengda, andre møter til meir glede alvoret i augo og er med på å levere nokre sterke scener. Saman med ei tydeleg (politisk) stemme trekk dette opp for inntrykket mitt omkring filmen, som elles druknar litt i mange store skodespelarnamn og ei (torer eg sei …) standard kryssa trådblanding.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
No Country for Old Men (2007, Ethan og Joel Coen)
Coens har samla mellom anna Tommy Lee Jones og Josh Brolin for denne brutale skildringa av dei skitne sidene til Texas. Ei historie som vanskeleg let seg oppsummerast blandar inn pengar og ein (u)heldig finnar, ein psykopat, politimannen som ser ut til å ha opplevd verre før, støv og blod. Miljøet (Texas, småby og storslått ørken) og rollefigurar utgjer til tider ein veldig bra film, med ekstra trykk på ordet film, då det ikkje virka å vere lagt vekt på ei skildring av tankar og indre psyke så mykje som at ting skjer, noko eg er redd eg kan ta frykteleg feil ved å påstå. Det er gitt rom for mange originale idear, der ein med vilje blir ført bak lyset av Ethan/Joel. Siste kvarteret eller så raknar det diverre litt, då den gode strukturen løysnar og ei rekke forsøk på å gjere opp trådane snublar litt i seg sjølv. Som med «Crash» er det her nokre scener som får det til å gå kald oppover ryggen på ein, psykopaten sjølv (Javier Bardem) er direkte skummel og ei fin framstilling av det onde.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
