Filmdagbok
ness
29-des-2007

Bridge to Terabithia (2007)

User Rating: 7.4/10 (16,682 votes)

Bridge to Terabithia (2007)Ein god barnefilm skal i mine auger, vaksne som dei er blitt, appellere like godt til både barn og vaksne. Måten den skal gjere det på; den skal vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. «Bridge to Terabithia» klarte å involvere meg i både karakterane og fantasien, den utfordrar dessutan sistnemnte til ei viss grad og innfallet av spesialeffektar er minimalt til fordel for filmen i forhold til kva kinotraileren kunne gi inntrykk av.

Alvoret pregar «Bridge to Terabithia». Eg er fan av barnefilmar som torer å gjere noko ekstra forutan å underhalde, då kvardagen tross alt ikkje er ei dans på roser. Protagonisten, Jesse, blir mobba på skulen og delvis oversett i heimen. Når nabohuset får nye bebuarar tek det kort tid før jentungen deira og Jesse blir venner og diktar opp eit kongerike på andre sida av bekken.

Få filmar er perfekte, «Bridge to Terabithia» har nokre små laster den med. Eg er mindre glad i religiøse undertonar (men kan gjere gå god for filmar som faktisk handlar om religion). Denne har undertonar eg kunne klart meg forutan, heldigvis er dei få. Så var det spesialeffektane, som i blant er eit godt supplement til filmen og bidreg til moglegheita å sjå verda gjennom augene til ungane, andre gonger er det unødvendig og kunne ha vore unngått.

Som konklusjon kan eg sei meg positivt overraska, eg visste at dette ikkje var ein film fullpakka med spesialeffektar, slik som kinotraileren gav inntrykk av, og forventa soleis ein heilt ok barnefilm, det eg fekk var ein god barnefilm som ikkje ligg langt unna fjorårsfavoritten «Zathura». Lat deg då ikkje lure av DVD-omslaget, filmen tek plass i den ekte verda (som framstilt på film).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10