Dedication (2007)

IMDb: 7.3/10 (293 votes)

Dedication«Dedication» fekk meg til å tenke på filmar som «Garden State», «The Squid and the Whale» og «Lonesome Jim». Slike som går i sitt eige tempo, har nokre djupsindige og uforståelege karakterar og gjerne tyr til det som blir kjenneteikna som småmelankolsk indie pop/rock. Ein fin tanke, eg er glad i denne type film med denne type musikk og denne type karakterar, så «Dedication» skulle jo helst ha gått i boks den.

Problemet er, for det er eit problem, eller i det minste vil eg at det skal vere eit sånn at eg kan bruke det som argument til kvifor «Dedication» ikkje nådde toppen, at dette blir for uklart. Utan at eg kan legge fakta på bordet for å stadfeste framstår «Dedication» som ein oppskriftsfølgande kopi på bl.a. «Garden State», dei rette tinga er tilstades og eit utval av sekvensar får det til å dunke litt i brystkassen, men kjensla av at nokon har lagt sjela si i dette, som Noah Baumbach i «The Squid and the Whale», er ikkje tilstades.

Dette til sides, «Dedication» er ein fin film, med fin musikk og fine Mandy Moore. Her er innslag av lekkert foto og hovudpersonen Henry (Billy Crudup) er fleirdimensjonal nok, i tillegg til utvalet av hjartefølte sekvensar som nemnt over. Problemet er at filmen som heilskap aldri klarar å gripe tak i meg, starten fekk lide under dette då det tok meg ein halvtime før eg brydde meg spesielt om handling og karakterar.

Halvhjerta forsøk på å skape ein fin og noko småspesiell film innan ein sjanger der det må meir originalitet og betre utføring til for å skilje seg ut. Blei det for mykje namedropping her så er det berre å beklage.

6/10

Hotel Room miniserie

3 episodar.

Hotel RoomHBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.

DumbLand (2002)

IMDb: 6.2/10 (678 votes)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

5/10

Darkened Room (2002)

IMDb: 5.8/10 (1,010 votes)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

5/10

Rabbits (2002)

IMDb: 7.1/10 (1,686 votes)

RabbitsTre menneske i kanindrakter, ein — 1 — kameravinkel og trykkande musikk med lokomotive tonar blir til 42 minuttar med «Rabbits». Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om ein flyttar rundt pÃ¥ setningane. Deler av tida er forbeholdt stillheit, innslag av latter og applaus frÃ¥ publikum pÃ¥ boks gir assosiasjonar til sitcom, det betyr ikkje komedie, men heller absurd prat. Undervegs blir me vitne til eit par forrykande lysshow og den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det særaste eg har sett nokon gong, kvifor eg lot meg imponere er ei gÃ¥te, eg forstod jo ingenting! Deler av «Rabbits» er tilgjengleg via YouTube. Har du sett «Inland Empire» veit du kva du gÃ¥r til.

6/10

Inland Empire (2006)

IMDb: 7.1/10 (17,295 votes)

Inland EmpireÅ finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.

9/10

Olsenbanden tar gull (1972)

(IMDb)

(Ness:) Roar fortset Olsenbandenkøyret og eg vil berre informere om ein triviell sak som at enkelte dagar den siste tida har Olsenbanden vore stikkordet som har sendt flest folk frå ymse søkemotorar innpå Filmdagbok.

Olsenbanden tar gullMed Knut Bohwim tilbake i regissørstolen var det klart for den tredje filmen om banden. I motsetnad til dei fleste andre filmane føregår det meste av handlinga utanfor Oslo denne gongen, nærare bestemt Stavern. Scenene inne i sjølve bunkeren vart spelt inn i det same studioet som den danske filmen, Valby Studio i København. Dette er forøvrig den eine av to filmar i serien der Sverre Wilberg (Hermansen) ikkje er med. Ein «Olsenbanden»-film utan Hermansen vert på ein måte ikkje heilt det same.

Denne gongen kjem Egon med ein plan om å finna ein gullskatt, gøymt i ein tyskarbunker på Sørlandet. Med Valborg og Basse med på lasset reiser banden til Sørlandet i håp om å finna skatten. Når dei så endeleg finn den rette bunkeren, finn dei ut at skatten befinn seg bak ein par metertjukk sementmur. Dei treng då hjelp av den lokale skraphandlaren utan at han skal få vita kva banden har føre seg, men skraphandlaren er lurare enn det banden først trur. Dei er heller ikkje aleine om å ville finna skatten, bak lurer ein profesjonell revolverbanditt som gjerne vil ha tak i skatten. At militæret byrjar å få mistanke om at det føregår noko på sperra område gjer det ikkje lettare for banden.

Denne filmen er nok ein liten nedtur frå dei to forrige i serien. Nokre tåpelege scener øydelegg heilskapsinntrykket, og det er dessverre for mange av dei i denne filmen. T.d. vert scenene med granaten i bunkeren meir teite enn spennande. Skodespelaren gjer allikevel ein bra jobb, forøvrig artig å sjå Harald Heide-Steen Jr. i ei birolle som Lillegutt. Sjølve filmen plasserer eg midt på skalaen.

Vurdering: 5 av 10.

The Chronicles of Narnia sesong 1

6 episodar.

the lion the witch and the wardrobeFor 20 år sidan laga BBC ein serie basert på bøkene av C.S. Lewis om «Narnia». Sjølv hugsar eg at denne blei sendt opptil fleire gonger på NRK i forbindelse med jule- og påskeferie, som regel på morgonen rundt kl 9.30. Over åra forandra måten ein ser ting på seg, så det å gjenoppleve ein tv-serie med tilknyttande barndomsminner er ei utforsigbar affære.

Av det eg må ha fått med meg for minst 10 år sidan, var det berre brotstykke eg hugsa og mykje hadde blanda seg og skapt «feil» minne, av det mest interessante var nok tinga eg kjente igjen ved gjensynet med første sesong, basert på boka «The Lion, the Witch and the Wardrobe». Eg hugsa at serien gjorde seg nytte av teit teikneserieanimasjonar, at Lucy var den personen eg likte minst, at dyra som stort sett var menneske iført kostyme var så som så. Men likevel var ikkje dette så viktig, for serien var fantastisk spennande å følge med på, eventyrverda i klesskåpet fenga og eg hadde alltid lyst til å reise dit, og eg ville ikkje på skitur før eg hadde fått sett dagens episode!

At «The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe» lid under ein sÃ¥ som sÃ¥ produksjon kom difor ikkje som den største overraskinga, omtrent all magi i form av det auge ser er ikkje-eksisterande, her kjem mitt nylege møte med boka inn i bilde. Før jul bestemte eg meg for Ã¥ sette meg inn i Narnia pÃ¥ nytt, ved Ã¥ lese bøkene i kronologisk rekkefølge, altsÃ¥ «The Magician’s Nephew» før «The Lion …». Eg kom aldri lengre enn desse to bøkene, dÃ¥ dei ikkje var noko Ã¥ rope hurra for desse heller, men bilde eg danna meg mens eg las dei hjalp meg godt pÃ¥ veg nÃ¥r det kom til tv-serien, nok til at eg greitt klarte Ã¥ fullføre.

Bilde eg har skapte meg av «Narnia» som barn har sidan møte med filminnspelinga av «The Lion …» i 2005 gÃ¥tt meir eller mindre oppløysing. Verken bøker eller tv-serie byr pÃ¥ den store opplevinga, konklusjonen min er at «Narnia» er noko som skulle ha forblitt eit godt minne og aldri gjenopplevd. Som barn er det lettare Ã¥ leve seg inn i denne magiske verda, du overser dei kristne innflytelsane og har lettare med Ã¥ godta handlinga. Som vaksen er det simpelt, opplagt og til tider usmakeleg, «Narnia» byr ikkje pÃ¥ dei store utfordringane lengre. SÃ¥ sjølv om serien er flink til Ã¥ følge handlinga frÃ¥ boka blir det i beste fall midt-pÃ¥-treet. Prosjektet mitt om Ã¥ sette meg inn i bøkene og tv-serien er forsÃ¥vidt avslutta etter dette.

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Brokenhearted (1990)

IMDb: 7.2/10 (644 votes)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette verke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som spelar i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

5/10

Bikur Ha-Tizmoret (2007)

IMDb: 7.8/10 (699 votes)

The Band’s Visit«The Band’s Visit» er ein israelsk komedie om eit egyptisk politiband pÃ¥ turne i Israel. Eigentleg pÃ¥ veg til Petah Tikva tek dei feil buss og hamnar i Bet Hativka, ein cirka livlaus forstad utan korresponderande buss pÃ¥ ettermiddagstid. Dei fÃ¥ folka dei møter i Petah Tikva viser etterkvart nokolunde gjestfridom, opphaldet blir prega av at egyptarane vÃ¥re i stor grad er overhøflege og ganske stillferdige.

Av handling byr dette pÃ¥ lite, humoren er forsiktig om nesten ikkje-eksisterande, men ligg nærmare overflata enn dramaet. Lite lyd bÃ¥de pÃ¥ musikk- og talesida gjer dette til ein film som spelar mykje pÃ¥ menneska sine gesturar og det pÃ¥tvinga selskapet høflege israelarar og egyptarar har pÃ¥ført kvarandre. Viktig er det Ã¥ ha i tankane ikkje-arabiske israelarar si generelle oppfatting arabarar, forholdet desse i mellom er vanskeleg Ã¥ beskrive dÃ¥ det sjeldan er direkte fiendtleg, men mange fordommar er ikkje til Ã¥ unngÃ¥. «The Band’s Visit» er ikkje ute etter Ã¥ gripe fatt i ei slik problematisering, dette er noko som automatisk glir inn i bilde i møtet mellom orkesteret og dei lokale i Bet Hatikva.

Som beskriving av Israel er «The Band’s Visit» inne pÃ¥ noko, av eiga erfaring med landet synst eg den fÃ¥r fram mange vesentlege detaljar, som nÃ¥r kamera sveipar over dei militære bilda pÃ¥ kaféveggen tidleg i filmen, her gjer ikkje filmskapar Eran Kolirin stort nummer ut av militære og korleis det israelske samfunnet i stor grad er bygd opp pÃ¥ tenester vernepliktige utfører, men hintet er tilstades. I blant ser filmen seg nødt til Ã¥ overdrive ved Ã¥ gjere situasjonane sine i overkant av rare for Ã¥ gjere stemninga lysare, slikt mÃ¥ nok til. Stort sett er filmen likevel diskret.

«The Band’s Visit» er i og for seg ein fin film med lite Ã¥ utsette pÃ¥ forutan nokre langdryge sekvensar. Den satsar aldri mot toppen, eller framstÃ¥r iallfall ikkje slik for meg, og blir aldri meir enn ein god film utan hjerneføde som set fart i smÃ¥ grÃ¥.

7/10
1 / 51234...5