Oz and James’s Big Wine Adventure sesong 1
5 episodar.
Vinekspert for BBC og forfattar Oz Clarke og programleiar for «Top Gear» James May slår seg saman og reiser på rundtur gjennom Frankrike i ein 1989 Jaguar XJ-S convertible med eit mål om å lære James å sette pris på vin. Resultatet er eit interessant og lærerikt program som smeltar saman opplevelsen av reiseprogram i roadtripformat med fristelsane av god mat og moroa ved inntaket av moderate mengder vin.
Gjennom ein månad fordelt over fire halvtimesprogram og eit timeslangt utfordrar Oz Clarke James May på grunnleggande område innan vinkjenning, det vere alt frå druer til laging og smaking. Det kjente grepet med å sette ulike personar i lag for å skape underholdning er brukt her, Clarke er vinelskar og meir sofistikert enn bilelskaren May. Konfrontasjonane er aldri seriøse eller destruktive for vennskapet som dannar seg i løpet av serien, men bidreg heller til å oppretthalde ein ledig tone til dette lune, koselege programmet. May er kanskje i mot det mest hardbarka vinpratet, poenget med eventyret er likevel alltid fokusert på ulike typar vin og kulturen rundt.
Programformatet er ikkje blant dei mest utfordrande, «Oz and James’s Big Wine Adventure» er likevel interessant og eit fint kultivert tillegg i kvardagen, med akkurat nok episodar synst eg dette var heller kjekt og utelukkar ikkje eit nærmare blikk på sesong 2 som blei filma inn i California.

Så gøy å se at noen andre har sett The Big Gay Wine Adventure! Jeg har selv bare sett de to første episodene, men har dvden, og har store planer om å se ferdig. Jeg hører også at sesong 2, kjent over internett som “The Thinly Veiled Drinking Holiday”, skal være verdt en kikk. Mye moro og småfulle programledere i hver episode.
Sorry for dobbeltkommentar, men jeg må hyle litt over genseren til James. Jeg blir glad hver gang jeg ser ham i den, og er ikke i stand til å tegne ham uten den. (Man skulle ikke tro det var et problem, men jeg tegner skummelt nok Top Gear gutta altfor ofte).
Tenker May kvar gong eg ser ein slik gensar! Moro er det å lese om mannen på Wikipedia óg, han kjeda seg nok i den tidlegare jobben som skribent i Autocar nok til å redigere inn skjulte meldingar over fleire nummer:
link til bilde
For dette fekk han naturleg nok sparken.
Kjenner til historien, og har bildet på datan. James er elskbar, og jeg håper han blir mannen som gjør det allment akseptert for menn å kjøpe tamponger for kjærestene sine, fordi de kan unskylde seg med at de må “vaske den ventilen på motorsyklen, du vet…”