Atonement (2007)
User Rating: 8.1/10 (9,949 votes)
«Om forlatelse», som Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley har fått som norsk tittel, befinn seg i ein lite utforska sjanger for min del; historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff sin anmeldelse i bladet Film&kino ville eg vel gått lenge utan å ha sett den, sjølv om dei fleste observerte tilbakemeldingane har vore positive. I denne forbindelse tok eg meg litt tid til å reflektere over filmvanane mine og spesielt kor mange gode historiar eg går glipp av fordi eg glatt overser såkalla kostymedrama. Fordommane mine er ikkje ubetinga, altfor mykje platt og kjenslelaus kostymejåling har funne vegen til lerret og mine auger.
Det er då med stor glede at «Om forlatelse» lev opp til inntrykka eg gjorde meg etter anmeldelsen til Hoff, og at mine forhåpningar om at denne type drama, om brukt rett, kan bidra til skikkeleg gode krigs- og kjærleiksdrama. Kva gjer så «Om forlatelse» bra? For meg er det viktig at dette er ein frisk film, ikkje i den forstand at alle går med smil om munnen og er glade heile tida, men at den aldri blir tung og trist og kjedeleg. Jovisst er det tragedie, «Om forlatelse» er ingen gledeshistorie, Robbie og Cecilia, spelt av ypperlege James McAvoy og
Keira Knightley, kan ikkje seiast å ha lykken med seg. Tristheita i historien er annleis enn ein tung og trist film ville ha vore, for å forsøke og klargjere meg på det område.Skjebna fører til at tida aldri er rett for desse til å ha eit forhold, ei ung jente oppfører seg urettferdig (for å sei det mildt) ved eit tidspunkt, og kven kan vel forutsjå, eller i heile tatt forhindre andre verdskrig ved å be om forlatelse?
Nydeleg foto legg gjerne vekt på bevegelse eller stil ved sidan av flott komposisjon, menneska glir godt inn i miljøet og unngår å bli porselensdokker i dokkehus. Historia er gripande og fortalt roleg og tydeleg, utan at framgong blir hindra, forløpet går når det kjem til stykke eigne vegar og dette bidreg til friskheita eg snakkar om. Når du ser «Om forlatelse», sett at du har andre mål enn å mislike filmen, vil du merke at det ikkje er ei standarisert og reprodusert historie du får servert. Her er heller ingen eviglange monologar utan mål og meining, for å trekke fram Hoff for siste gong, med eit sitat: «Den knappe, korthogde (og visstnok 30-tallsautentiske) dialogen tilslører mer enn den røper. Til gjengjeld dirrer hvert bilde av uuttalte følelser og fortettet spenning.»
I fare for å ha ausa på med for mange godord avsluttar eg her og forventar kritikk frå dei som skulle ha sett filmen og ha andre meiningar. Takk.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jeg har sett filmen, og den er kjempe bra. Er en film jeg kunne tenkt meg og se igjen :)
Kan slutte meg til dette. Den var såpass spesiell både i manus og produksjon at den skiller seg ut.