ness
04-jan-2008

Gone Baby Gone (2007)

IMDb: 8.0/10 (8,365 votes)

Gone Baby Gone (2007)“Alle” snakkar om «Gone Baby Gone» og Ben Affleck som har funne vegen bak kamera og må forbli der, at han har mykje større talent for filmskaping enn skodespel. Så eg ser ingen grunn til å trakke opp desse spora så mykje meir, til sjuande og sist handlar jo det om filmen.

Casey “brutter” Affleck og Michelle “ehm ja” Monaghan er ferske privatetterforskarar, sambuarar og busette i Boston. Eit dystert, skittent, ekte Boston, og ikkje berre på likssom. Når ei lita jente blir borte blir dei leigd inn av slektningane av jenta for å drive supplementerande etterforsking, og for ein gongs skuld ser ikkje politiet ut til å bry seg nemneverdig om at fleire aktørar er med i leitinga. Respekta for dei unge og glødande privatetterforskarane frå politiet er ikkje enorm, men «Gone Baby Gone» er ingen kamp mellom politi og privat. Det er ein alvorleg film om kidnapping, dårlege leveforhold, realiteten for enkelte. Spørsmål og dilemma følger med i det som startar som ei grei forsvinningssak, men som utviklar seg til å bli noko meir då nokre trådar allereie blir nøysta opp halvveges ut i filmen.

Oj og au og ssh var blant mine reaksjonar undervegs, eg er aldri stor på å uttrykke meg under film, og ler gjerne enkelt ved å puste ut nasen med ei smil om munnen. «Gone Baby Gone» klarte altså å overraske, vere skikkeleg brutal og gi meg frysningar. Enkelte av tema som blir berørt undervegs er mørke saker og det hjelp veldig at Ben Affleck har fått med mange sære ansikt ved sidan av (og i) dei flotte hovud- og birollane. Casey har ein person for dei litt rolege filmane og blir den som utmerkar seg mest her ved sidan av deler av familien til den forsvunne jenta.

Det mange lurar på (les: det eg sjølv lurte på), er om «Gone Baby Gone» er verdt å sjå for meir enn å vere Ben Affleck sin langfilmdebut. Ja må eg svare på det, sjeldan har ei byskildring vore så god, ei forsvinningssak så mørk, men likevel så levande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10