Across the Universe (2007)
Det er å underdrive og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje legge noko demping på gleda eg får ved å høyre songar som «Got To Get You Into My Life» og «I Should Have Known Better». Utan å ha tiår på nakken i miljøet er eg open for alternativ bruk av musikken, korleis andre måtte tenke er for meg uvisst, når «Across the Universe» (filmen) kom fram i dagen var eg var eg ganske høgt der oppe. Ettersom det tok tid før den kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på soundtracket og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.
Eit av dei første tinga som slo meg var at «Across the Universe» innleiingsvis prøver for mykje, med korte og mange songnummer og ei fomling etter å få tak på sjåaren, eg blei brått redd for at dette kom til å bli ei overfladisk, om enn musikalsk, filmopplevelse, og det tok si tid før desse tankane forlot meg. Tid til å kvile blei det derimot ikkje, det neste som slo meg var kor trist «Across the Universe» er. Trist fordi personane me blir kjent med lev i eit samfunn dei ikkje har noko til overs for, at tida er ei uslåeleg fiende som det ikkje nyttar å kjempe mot, uansett kva som skjer er det ikkje nok styrke på plass til å bryte ut av den håplause tilværelsen. Kanskje ikkje teke ut av manuset til filmen, kanskje er det å vri litt på sanninga, men slik virka det.
Musikken, nyinnspelingar av The Beatles melodiar som glir inn i historien i varierande grad er flott, sjølv om det blir litt for mykje av den i blant. Dette går ikkje på bekostninga av resten av filmen, det fører berre til at den blir lengre. Stundom står handlinga stille, uansett kor mykje eg undervegs ønska meg meir tempo klarar eg ikkje å oversjå dette som bidrag til å låse oss fast i tid og bidrag til å gi limet under beina på folka som ikkje klarar å styre liva sine heilt som dei vil.
At «Across the Universe» klarte å gi meg ei tung kjensle i brystkassa gode 3/4 av filmen er eigentleg nok for meg til å skryte den opp i skyene, eg lever (les: ser film) for å oppleve desse gongene når det knyter seg i magen. Eg kan likevel ikkje unngå å legge merke til ting som kunne ha blitt gjort annleis, Prudence er ei eg gjerne skulle sett meir av her, ho forsvinn plutseleg ut av filmen for så å dukke opp igjen som om ho aldri betydde noko meir. Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nytelse, Bono er ein av dei andre tilfella unødvendig show. Så problemet til filmen er i hovudsak at den prøver på altfor mykje, noko som hindrar den i frå å bli den ultimate filmopplevelsa, men den ligg ganske nærme for meg.
Og var det eit handlingsreferat du var på jakt etter må eg diverre skuffe deg.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Det som slår meg når jeg leser anmeldelsen din her, er at den virker mye mer negativ enn den karakteren du gir.
Uansett en fin anmeldelse, og en film jeg må se. Om ikke annet fordi jeg er Beatlesfan
Du har eit poeng Bjørnar, las over igjen og la merke til at eg har trukke fram fleire ting som kunne ha vore betre enn som faktisk var bra. I staden for å utvide anmeldelsen brukar eg heller kommentarfeltet til å sei at dei tinga eg har trukke ned på er bagatellar når det kjem til den heile filmopplevelsen, men gjer seg nok bemerka til at eg valgte 9 i staden for 10.