Oz and James’s Big Wine Adventure sesong 2
8 episodar.
Smått utvida, litt mindre sakleg, eit hakk meir alkohol, Oz og James er tilbake på reisefot, denne gongen i California på jakt etter god og rimeleg vin.
Første sesong av denne BBC-produserte serien tok seg for å lære James May sette pris på vin, undervise innan grunnleggande kunnskapar knytta til vinlaging og vinsmaking (les: drikking). I California blir «Big Wine Adventure» i større grad ei rundreise med fokus på smaking og ulike produksjonsmetodar. James har tydeleg fått auka kunnskapar, men innehar nok det som skal til for å finne rimeleg vin til folk flest. Som for å trekke ned igjen vinreisa til jorda har det blitt gjort meir plass for reise-tv-delen av programmet, samt det faktum at store mengder vin, logisk nok, fører til at folk flest (Oz og James inkludert) blir godt fulle.
Samanlikna med første sesong har den andre hakket meir fokus på underholdningsbiten, men ikkje for mykje, eg vil først og fremst karakterisere dette som eit lærerikt og inspirerande innblikk i mangfoldet av amerikansk vestkysts vinlaging, der intensjonen til folka bak dei aktuelle vinane får fortent dekning. På vegen møter Oz og James folk som 2-buck-Chuck, mannen bak billeg industrialisert vin, økologiske vinlagarar, blandingsmerkelagarar og motorsykkelgjengen bak merke Anarchy.
