ness
10-jan-2008

Do I look like a killer to you?

Det ser ut til å bli stadig fleire samlepostar her omkring, kanskje ikkje når du rullar nedover på sida, men små “prosjekt” eg har liggande på lur etter ein filmfyllt juleferie og som eg har satt for meg å nemne her.

Dei to aktuelle filmane er vel strengt tatt ikkje meir slekta enn gjennom thriller/horror-sjangeren, og at det var min venn Roar, som nyleg stod for litt om Olsenbanden, som prakka dei på meg og to kameratar. Eg tek den beste, den gode filmen av dei to, først.

The Hitcher (1986)

The HitcherHar ikkje mamma sagt til deg at du må unngå å plukke opp haikarar? Jim Halsey (C. Thomas Howell) si mor har sagt det, men han trossar rådet og plukkar opp John Ryder (Rutger Hauer) ei regnfull natt langs motorvegen. Ryder viser seg å vere psykopat av verste slag og etterkvart går det opp for Halsey at det ikkje berre er hjul som rullar langs motorvegen. «The Hitcher» tek element frå fleire ulike thriller/horror-filmar («Duel» bl.a.) og lagar ein spennande film ut av det, men framstår ikkje som blandingsrøre. Skulle eg forandre ein ting, meir Rutger Hauer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Cape Fear (1991)

Cape FearMartin Scorcese, remake, Nick Nolte. Tolk det som du vil, men her betyr ikkje Scorcese nødvendigvis høg kvalitet, remake tull eller Nolte dårleg skodespel. «Cape Fear» er omtrent så midt på treet som det går an å bli. Her vekslast det på rå kameraføring og tidleg 1990-talsklisjear, mykje hadde glidd godt inn i 1960-talsfilm, men blir feil her, utan at det er direkte dårleg. Stemningsskapande musikk av godt kaliber får aldri fram den forventa sitringa, eg torer sei at Robert De Niro sin karismatiske psykopatiske eks-fange blir meir morsom enn truande. Midt på treet halvveges gjennomført.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
trondjo har sagt:

Oi, her er det to av mine barndomsfavoritter du tar for deg. To filmer som fascinerte og skremte vettet av meg i ung alder. To filmer jeg stadig vender tilbake til og ser store kvaliteter i også som “voksen” mange år etter. Ganske enkelt to filmer jeg setter veldig høyt.

Roar har sagt:

Kan vera einig med deg i at The Hitcher fortener ein 7`ar, ein film der Rutger Hauer spelar ei rolle som passar perfekt til han. Men synest du har vore litt streng med Cape Fear. Filmen er til tider spennande, og alle skodespelarane gjer ein god jobb. Nick Nolte - dårleg skodespel ? Det kan eg ikkje skjønna (he,he). Han har gjort ein god figur i fleire filmar han , m.a. i U-turn, Nattevakten (nok ein remake) og The Thin Red Line.

Iversen har sagt:

Må innrømme at jeg koser meg mer med Cape Fear enn Hitcher, uansett er begge go’filmer (trondjo og jeg er enige der). Rutger Hauer er verdens skumleste mental case. Nick Nolte får altfor mye pepper, stakkar. Fin fyr.