The Wire sesong 1
13 episodar.
HBOs «The Wire» har vore heitt snakk sidan 2002 no, utan at eg har brydd meg om å sjå nærmare på serien, grunnen er at «The Wire» aldri har blitt fronta slik at eg har bitt meg merke i den, fram til Bjørnar via Harry’s Corner (eller var det Movie Poop Shoot?) traff dei rette notane i haust.
«The Wire», første sesong iallfall, handlar om ei spesialeining innan Baltimorepolitiet som har blitt oppretta for å ferske langarar og drapsmenn relatert til narkobransjen. For politisjefane og politikarane handlar det om å kunne legge fram beslag for god publisitet, men for spesialeininga utviklar saka seg til noko større. Presset frå oven legg dempar på kva som kan bli gjort, og her er det så mykje som skulle ha blitt gjort. Fleire er redde for å trå feil for å øydelegge sin framtidige karriere, dette går utover politieininga.
Det er vanskeleg å trekke fram ein enkelt ting som gjer «The Wire» bra, for dette er ein serie der alt er fletta saman, der alt er godt gjennomført og samanflettinga og gjennomføringa er gjort som i mange andre kjente HBO-seriar, med tanke på heilheita framfor enkeltepisoden. Har du gått glipp av ein episode ligg du dårleg an! Handlingsforløpet er ikkje prega av ei stadig oppnøysting av trådane, men ein veit at det er ein plan bak alt og godtek at serien gjerne brukar tid på å komme seg vidare, for det er gjort så bra!
Kamerabruken, ja stort sett heile den tekniske gjennomføringa, er enkel og gjer ikkje anna enn å overlate publikum si merksemd til handlinga, «The Wire» er nedtona og realistisk tvers igjennom. Kort sagt: God serie som føyer seg inn i rekka av seriar eg gjerne vil fullføre etter kvart.

Det var vel den siste posten (i alle fall på en stund) på poopshot sia ja.Men det endrer ikke det fakta at det er djevelsk bra, og som du sier; helt umulig å forklare uten å måtte skrive en avhandling.