Filmdagbok
ness
17-jan-2008

The Invisible (2007)

User Rating: 6.0/10 (8,267 votes)

The Invisible«The Invisible» er ei nyinnspeling av svenske «Den Osynlige» frå 2002, ein film eg forsåvidt ikkje har sett og må avstå gleden ved å samanlikne med. Eg kan fortelje at det er ein god remake, i form av det er ein god film, men definitivt ikkje for alle. Kvifor? Då må eg nesten ta eit kort samandrag først.

Nick (Justin Chatwin, «War of the Worlds») er ein begava ung gut, han lev eit godt liv, er smart og har aldri gjort noko som folk kan hate han for. Problemet hans er at han er for snill og blir soleis styrt mykje rundt av andre, som mora. Men han gjer altså aldri noko vondt. Dei fleste han omgås med tek han heller for gitt, eit poeng filmen skal behandle då Nick ei natt blir borte, men er tilstades som ei slags usynleg ånd rundt dei andre viktige karakterane i filmen utover.

«The Invisible» blir ein enten-eller-film som følger av evna di til å akseptere dette overnaturlege fenomenet, der Nick får innblikk i det som skjer rundt seg, noko han ikkje var klar over før han blei borte, utan at folk veit han observerar dei og samtalane deira. Heng ikkje dette på greip er omtrent heile grunnlaget for filmen blitt borte for deg. Ei skikkeleg smakssak med andre ord, som eg slukte og satte pris på. Eg hoppar ikkje i taket for originalitet, sjølv om eg ikkje kan påstå å ha sette denne historia før, men mykje virkar likevel kjent. Dramabiten og musikken fungerte sopass godt at eg koste meg med filmen. Folka som er med glei på plass i miljøet og då spesielt den rimeleg ferske Margarita Levieva gjorde inntrykk på meg.

I dei første minuttane etter “forsvinninga” til Nick var eg smått skeptisk til om dette var ein kopi av «The Sixth Sense», noko den åndedelen i samandraget mitt også kan hinte til, utan at det er meininga, for filmen styrer godt unna dette og tanken forsvann like brått som den var komme (før eg no satte meg ned igjen for å skrive). Med andre ord er eg rimeleg fornøgd med «The Invisible», ein fin overnaturleg ungdomsfilm med dosar av sjølvrealisering og krim. Så lenge ein ikkje forventar det meste så trur eg i grunn denne godt går an å sjå. Kjem på DVD i Noreg 28. januar (ingen kinodistribusjon her til lands).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Jacob har sagt:

Dette hørtes ut som 13 på dusinet.

Må ellers innrømme jeg hadde forventet en Nærkontakt-anmdeldelse, jfr din totalslakt i forumet?

ness har sagt:

Er redd for å få halve Filmantropforumet med øks på døra her…

Elles har eg vurdert å ta ein Spielberg-dobbel med The Sugarland Express som eg har lyst til å sjå like lenge som Nærkontakt, så sant eg får hendene på den blir det nok eit par styggord i retning verdsrommet og forhåpentlegvis godord til Sugarland.. Eg lever i håpet.