Blood Simple. (1984)
Første filmen til Coen-brødrene er ei blodig affære frå tidleg 1980-tal som også markerar debuten til Frances McDormand, eit av dei ansikta som har det med å dukke opp i Coen-filmar (som «Fargo» og «Raising Arizona»). Med seg har ho John Getz, Dan Hedaya og M. Emmet Walsh som spelar viktige rollar. Eit budsjett på 1.5 millionar dollars er ikkje det aller meste, men ikkje dumt med tanke på at dette er ein debutfilm. Om dette satte begrensingar for den tekniske delen og førte til at bilde er 4:3 og ikkje proff kino-widescreen er for meg usikkert. Reint bortsett frå dette er det lite som er verdt å nemne med tanke på utstyr iallfall.
Utløysande årsak til den tøffe krimthrilleren som følger er det typiske utruskapet med ein sjalu ektemann på andre sida som har fått greie på det som utviklar seg bak ryggen hans. Han hentar inn hjelp via privat etterforskar og heretter ballar det berre på seg.
Det er ikkje så mykje blodet som gjer dette effektivt, sjølv om det skal nemnast at det har gått med mange liter teaterblod, som det er bruken av low-key og oppfinnsomme kameravinklar, nervepirrande stillheit og venting. Action er det nok av, men det er ventinga som er spennande og måten den knappe dialogen fører til at berre me som publikum har oversyn over alt som skjer, utan at det blir verken irriterande eller dumt å sjå karakterane styre med sitt.
«Blood Simple» blir i filmen beskrive som ein tenkemåte som følger av lengre involvering i valdeleg prosedyre, men kan like gjerne beskrive framgongsmåten. Mykje av spenninga låg for min del i dei simple framgongsmåtane som sjeldan tek hensyn til framtida. Simpelt er nok meir negativt enn rettferdig er, her brukar eg det altså til fordel for filmen.
Utan å dra dette så mykje lengre… Likar du kombinasjonen Coen med krim/thriller, så vil du like dette.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
