Tekon kinkurîto (2006)
User Rating: 7.6/10 (807 votes)
«Tekkonkinkreet» er basert på ein manga og utvikla av Studio 4°C, eit animasjonsstudio det godt hende du har vore borti utan å vore klar over det, då dei stod bak musikkvideon «Breaking the Habit» til Linkin Park, «Kid’s Story» segmentet i «The Animatrix» og «Memories» (tre kortfilmar i eit frå 1995).
Sentralt i historien finn me brødreparet Black og White, to foreldrelause ungar som bur på gata i bydelen Treasure City. For dei som kan få kontroll over bydelen ligg det store pengar i å drive business der, difor er yakuzaen sjølvsagt interessert. Men Black og White er mindre glad i at nokon prøver å ta over «deira by», og når det kjem til stykket spelar ikkje alder så stor rolle for kva dei set seg opp mot i den samanhengen.
Animasjonen i filmen er rik på detaljar, fargar og teknikkar som hjelp med å frigjere dette frå den todimensjonale flata. Stilen er særeigen og tøff i kantane, kan i blant gi deg inntrykk av å vere enkelt illustrert, men det tek ikkje lang tid mellom kvar gong den motbeviser seg på dette område. Visuelt snadder altså.
Handlinga er utfordrande og krev konsentrasjon, då det alltid skjer noko, gjennom dei 110 minuttane filmen varer blir me flytta eit stykke i både tid og rom. Eigentleg forblir me i same område, men det skjer noko med Treasure City etterkvart som karakterane utviklar seg, så det me sit igjen med er eit nytt «rom».
Desse to sidene ved filmen er styrken sett frå min ståstad. Men det var ikkje nok, eg synst det blei kjedeleg i lengda, eg kjenner tydeleg igjen forteljarstilen frå typen manga eg ikkje er spesielt interessert i. Heile greia med historien som vippar over i rare draumar, ondt og godt, fungerte ikkje for meg i denne samanhengen. På det område er eg meir glad i Studio Ghibli. Eg klarar likevel ikkje sjå bort i frå at filmen i blant imponerte med animasjonen sin.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
