Filmdagbok
ness
22-jan-2008

Twin Peaks: Fire Walk with Me (1992)

User Rating: 6.8/10 (13,762 votes)

Fire walk with me Twin PeaksDet har teke 8 månader før eg har samla meg nok etter «Twin Peaks» sesong 2 til å sjå «Fire Walk with Me», der forhistoria til serien, kva som skjedde med Laura Palmer før drapet, blir hovudfokuset. Den «Twin Peaks» eg tidlegare blei glad i glei over i eit mystisk sammensurium som gjorde meg demotivert til straks å gripe tak i «Fire Walk with Me». For mykje David Lynch i feil format var grunnen, i filmform har eg derimot sansen for mystikken og det overnaturlege til Lynch så det held.

Ei viktig forutsetning for å få utbytte av «Fire Walk with Me» er å ha sett serien. For å skjønne mest ut av personane og kvifor nedturen til Laura Palmer skal vere interessant å følge i over 2 timar. Eg påstår ikkje det er eit must, for alt eg veit kan dette vere herleg surrealistisk lapskaus av ein som ikkje har sett «Twin Peaks». Det var den ekstra porsjonenen surrealisme i forhold til serien som gjorde dette til ei verdig opplevelse for vedkommande også, då historien til Laura i passe grad blei eksposert i serien var det stemninga og mystikken eg var jakt på no.

«Fire Walk with Me» grip tak i mange småting ved sidan av historien til Laura, som sidan blir forlatt, for å bli teke opp igjen i første og andre sesong. I blant fekk eg inntrykk av at deler kunne ha forblitt utelatt til fordel for serien sin mystiske natur. Tråden rundt FBI var litt slakk og kunne til fordel ha fått meir fokus på bekostning av Laura. I dette ligg nok mi romantisering om første 2/3 av serien, som var best, og at eg ville gjenoppleve den biten her.

På grunnlag av at eg kunne klart meg forutan «Fire Walk with Me» når det kjem til «Twin Peaks» i samanheng, at dette som ein enkeltståande film ikkje er heilt fullkomment, men at serien har ei fin stemning, trekk eg ikkje karakteren lengre enn til 6, ein sterk så det var sagt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Fred Ut har sagt:

Aldri har jeg hoppet høyere i en kinosal enn under den ene skvettesekvensen med Bob på rommet hennes. Fin film, kanskje litt undervurdert i Lynchs filmografi.