Olsenbanden og Dynamitt-Harry (1970)
(IMDb)
Eitt år etter den første «Olsenbanden»filmen, var det klart for film nr. 2 i serien, nemleg «Olsenbanden og Dynamitt-Harry». Som tittelen tilseier er dette det første møtet med sprengningseksperten og bror til Benny, Dynamitt-Harry. Dette er og første filmen med det orginale «Olsenbanden»-temaet laga av dansken Bent Fabricius-Bjerre, og det er berre å slå fast at musikken passar perfekt til ein filmserie som «Olsenbanden», så på det området er det ikkje noko som kunne vore gjort annleis.
Egon Olsen er vorten forelska i sosialkuratoren Bodil Hansen, og ho får han til å ta seg fast jobb som kontollør på Ringnes bryggeri. Benny og Kjell følgjer sjølvsagt etter, men alt går ikkje så bra. Etter at dei får heile samlebandet til Ringnes til å gå i stå, får dei sparken alle tre. Bodil har ein jobb til dei i bakhand, og etter ei stund tek dei seg jobb som reingjeringsassistentar i Statsbanken. Men ein av dei første dagane greier ein internasjonal forbrytarliga å ta seg inn i banken medan banden er på jobb. Mistanken fell sjølvsagt på Olsenbanden, og no må dei reinvaska seg og prøva å stjela tjuvgodset frå dei verkelege forbrytarane. Og med kriminalbetjent Hermansen og politiet i hælane vert ikkje det nokon lett sak akkurat.
I den andre filmen i serien var det klart for ein ny regissør, nemleg svenske Ove Kant. Han fekk prøva seg som «Olsenbanden» regissør i denne eine filmen og han gjer ein heilt ok jobb. Dei første 35-40 minuttane av filmen kan verka litt treige og kjedelege i forhold til det som er vanleg med ein «Olsenbanden»-film, utan nokon som helst planar om eit eller anna kupp, sidan banden prøver å verta lovlydige og ta seg fast jobb. Men så tek filmen seg kraftig opp, og me får ein del artige bilforfølgjingsscener og scener med ein sprengningsglad Dynamitt-Harry. Omtrent på same nivå som den første filmen, men framleis er filmserien i startfasen og planane er ikkje like geniale som dei skulle verta seinare i serien.
Vurdering: 6 av 10.
