Filmdagbok
ness
24-jan-2008

TV pilotguide #7: Britishisme

Så var tida komme til litt nytt frå våre storebror i vest. Britiske seriar er noko for seg sjølv, kvar av desse byr på nok originalitet, utanom «Echo Beach» viss den blir sett på avskild frå «Moving Wallpaper». Eg trur dessutan eg har funne ein ny følgesvenn i «Mistresses», tida vil vise. Så før siste runde med “pilotguiden” og då det nye innan amerikansk serie, her kjem litt om kva som er å finne på tv i Storbritannia denne våren.

Moving Wallpaper

Moving WallpaperEg kan ikkje skrive om «Moving Wallpaper» forutan å nemne «Echo Beach», visa versa, men deler likevel dette inn i to avsnitt. «Moving Wallpaper» handlar om produksjonsselskapet bak såpeserien Polnarren, som like før lansering får nytt namn: «Echo Beach». Ben Miller spelar produsenten som kjem og kuppar showet med mange freshe idear til korleis såpa hans skal gjere seg bemerka. «Moving Wallpaper» er ingen sitcom, men veldig mykje ein komedie. Her er det fullt av referansar til «Echo Beach», og for å få mest ut av serien bør ein følge med på begge. Det som skjer her vil merkast i …

Echo Beach

Echo Beach… «Echo Beach». Ein såpeserie på rundt 22 minuttar, som kan minne sterkt om f.eks. «Home and Away». Poenget er nok å sjå den i forbindelse med «Moving Wallpaper», og i programmet til ITV1 blir «Echo Beach» sendt like etter på fredagskvelden. Dette kan nok sjåast åleine også, men då forsvinn humoren og serien blir eit trist skue. Typiske ting som klesval og ansiktshår blir styrt av produsent Jonathan Pope (Ben Miller) i «Moving Wallpaper», så manglar du den innsikta blir alt berre typisk klisje her. Kombinasjonen «Moving Wallpaper/Echo Beach» er eit artig konsept, sistnemnte er likevel berre såpe.

Fairy Tales

Fairy TalesHer har eg berre sett første serie, då dette er ei samling eventyr fordelt over fire uavhengige episodar. Inntrykket eg fekk gjennom den moderne versjonen av «Rapunzel» i tennisdrakt var blanda, kanskje fordi eg foretrekk eventyr i tradisjonell forstand. Heila greia med å spele på aust-europeiske stereotypar virkar berre rart her, iallfall til eit godt stykke ut i episoden, då tek dette seg opp og eg synst faktisk både historie og karakterar gjer ein kurant jobb. Greia med denne type serie er at neste episode kan bringe noko heilt anna. Og kva med dobbeltmeininga i tittelen («Fairy»)? Eg står over …

Honest

HonestFamilien Carter har eit fulltoleranseforhold til kriminalitet, heilt til farsan blir satt i fengsel og mor går inn for å føre familien langs ærlegheitas vegar, då blir det andre bollar. Fristelsane til å ta den lette utvegen uteblir ikkje og episodane som oppstår når poltiet stadig mistenker medlemmar av familien Carter for lovbrot dei ikkje har begått er både mange og morosamme. «Honest» fungerar flott som lett underholdning, den er ein dysfunksjonell familie med hjarte på rette staden (ikkje til å forvekslast med ein anna britisk serie) me får følge, ein ting som er sikkert, det alltid vil skje noko.

Mistresses

MistressesBBC One har satsa på eit format som har blitt vanleg skue, då spesielt i USA, dei siste åra, fire vaksne venninner styrer «Mistresses» innpå utruskap, dating og anna kjærleiks- og sexrelaterte hendelsar. Ikkje min favorittsjanger, men eg valte å gi serien ein sjanse og blei i den samanhengen positivt overraska, «Mistresses» lykkast verkeleg å gå i djubda på karakterane sine. Her er det ein seriøs tone vs. den gjerne lettare og plotfokuserte amerikanske vrien (f.eks. «Cashmere Mafia» som eg kjem tilbake til i eit seinare innlegg). Undervegs her blir eg sittande svolten etter stadig å få vite meir.

The Palace

The PalaceDen britiske kongen dør og eldste sonen, ungdommeleg inn til beinet, må ta over. Buckingham Palace er fyllt til randen med hemmelegheiter som må haldast på eine sida mens sladderet går mellom dei tilsette på andre, intrigane er mange og det blir ikkje betre av at søstra til vår nye konge er ute etter dronningtittelen. «The Palace» er ein fiktiv serie om ein fiktiv britisk kongefamilie, slottet fungerar utmerka som bakteppe for forviklingar, men det tok knappe to episodar før eg var lei. Sett bort frå eit sterkt tv-intervju i første episode var det heller ingenting ekstraordinært å hente.