Spielberg på søttitalet
The Sugarland Express (1974)
«The Sugarland Express» markerar debuten til Spielberg på storskjermen, hans tidlegare «Duel» blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett ($3.000.000 mot $375.000). Goldie Hawn, ung og pen so ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlangar skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha den tilbake.
I «The Sugarland Express» er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar, på det meste finst det titals politibilar i bilde, Spielberg brukar opp igjen mange av teknikkane han nytta seg av i «Duel», kamerautsnitt og føring er stødig utført og smart, nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klypperytme. Tonen i filmen hellar meir mot humor enn «Duel» og kan tryggt plasserast inn i den vidare utviklingskurva Spielberg hadde mot blockbusterane, «The Sugarland Express» er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm, slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.
Heilt på tampen vil eg trekke små parallellar til Sidney Lumets «Dog Day Afternoon», begge to er filmar basert på sanne hendingar, begge omhandlar gissel/kidnapping, i hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg relativt gode motiv (viss ein tøyer betydninga av god litt), og ikkje minst - begge foregår i eit avgrensa miljø; stort sett i ein politibil i «The Sugarland Express» og banken i «Dog Day Afternoon». Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg «The Sugarland Express» har mykje godt for seg i tillegg til å vere biljakt og våpenflashing.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Close Encounters of the Third Kind (1977)
Eg kunne ha slakta denne filmen, berre for moroskuld, men det vil ikkje vere rettferdig ovanfor dei som vurderar å sjå den eller meg sjølv viss eg skulle finne på å lese dette for rettleiing om eit par år.
For fakta er at «Close Encounters …» er ein presis midt på treet film. Den har sine plussider, diverre også nok minussider. Tåpeleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel på spenning og dramatikk når det gjeld. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang. Eg vil ikkje påstå eg hatar denne eller kjenner meg ført bak lyset av dei generelle folkemengdene som har sett filmen (IMDb ratingen i tankane), men greia var at eg kjente ingen ting i «magan».
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Jeg må si meg enig i at Close Encounters er litt oppskrytt. Personlig synes jeg den er kjedelig, rett og slett. Veldig lite ved den filmen fenger meg.