Bikur Ha-Tizmoret (2007)
User Rating: 7.8/10 (699 votes)
«The Band’s Visit» er ein israelsk komedie om eit egyptisk politiband på turne i Israel. Eigentleg på veg til Petah Tikva tek dei feil buss og hamnar i Bet Hativka, ein cirka livlaus forstad utan korresponderande buss på ettermiddagstid. Dei få folka dei møter i Petah Tikva viser etterkvart nokolunde gjestfriheit, opphaldet blir prega av at egyptarane våre i stor grad er overhøflege og ganske stillferdige.
Av handling byr dette på lite, humoren er forsiktig om nesten ikkje-eksisterande, men ligg nærmare overflata enn dramaet. Lite lyd både på musikk- og talesida gjer dette til ein film som spelar mykje på menneska sine gesturar og det påtvinga selskapet høflege israelarar og egyptarar har påført kvarandre. Viktig er det å ha i tankane ikkje-arabiske israelarar si generelle oppfatting arabarar, forholdet desse i mellom er vanskeleg å beskrive då det sjeldan er direkte fiendtleg, men mange fordommar er ikkje til å unngå. «The Band’s Visit» er ikkje ute etter å gripe fatt i ei slik problematisering, dette er noko som automatisk glir inn i bilde i møtet mellom orkesteret og dei lokale i Bet Hatikva.
Som beskriving av Israel er «The Band’s Visit» inne på noko, av eiga erfaring med landet synst eg den får fram mange vesentlege detaljar, som når kamera sveipar over dei militære bilda på kaféveggen tidleg i filmen, her gjer ikkje filmskapar Eran Kolirin stort nummer ut av militære og korleis det israelske samfunnet i stor grad er bygd opp på tenester vernepliktige utfører, men hintet er tilstades. I blant ser filmen seg nødt til å overdrive ved å gjere situasjonane sine i overkant av rare for å gjere stemninga lysare, slikt må nok til. Stort sett er filmen likevel diskret.
«The Band’s Visit» er i og for seg ein fin film med lite å utsette på forutan nokre langdryge sekvensar. Den satsar aldri mot toppen, eller framstår iallfall ikkje slik for meg, og blir aldri meir enn ein god film utan hjerneføde som set fart i små grå.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
