The Chronicles of Narnia sesong 1
6 episodar.
For 20 år sidan laga BBC ein serie basert på bøkene av C.S. Lewis om «Narnia». Sjølv hugsar eg at denne blei sendt opptil fleire gonger på NRK i forbindelse med jule- og påskeferie, som regel på morgonen rundt kl 9.30. Over åra forandra måten ein ser ting på seg, så det å gjenoppleve ein tv-serie med tilknyttande barndomsminner er ei utforsigbar affære.
Av det eg må ha fått med meg for minst 10 år sidan, var det berre brotstykke eg hugsa og mykje hadde blanda seg og skapt «feil» minne, av det mest interessante var nok tinga eg kjente igjen ved gjensynet med første sesong, basert på boka «The Lion, the Witch and the Wardrobe». Eg hugsa at serien gjorde seg nytte av teit teikneserieanimasjonar, at Lucy var den personen eg likte minst, at dyra som stort sett var menneske iført kostyme var så som så. Men likevel var ikkje dette så viktig, for serien var fantastisk spennande å følge med på, eventyrverda i klesskåpet fenga og eg hadde alltid lyst til å reise dit, og eg ville ikkje på skitur før eg hadde fått sett dagens episode!
At «The Chronicles of Narnia: The Lion, the Witch and the Wardrobe» lid under ein så som så produksjon kom difor ikkje som den største overraskinga, omtrent all magi i form av det auge ser er ikkje-eksisterande, her kjem mitt nylege møte med boka inn i bilde. Før jul bestemte eg meg for å sette meg inn i Narnia på nytt, ved å lese bøkene i kronologisk rekkefølge, altså «The Magician’s Nephew» før «The Lion …». Eg kom aldri lengre enn desse to bøkene, då dei ikkje var noko å rope hurra for desse heller, men bilde eg danna meg mens eg las dei hjalp meg godt på veg når det kom til tv-serien, nok til at eg greitt klarte å fullføre.
Bilde eg har skapte meg av «Narnia» som barn har sidan møte med filminnspelinga av «The Lion …» i 2005 gått meir eller mindre oppløysing. Verken bøker eller tv-serie byr på den store opplevinga, konklusjonen min er at «Narnia» er noko som skulle ha forblitt eit godt minne og aldri gjenopplevd. Som barn er det lettare å leve seg inn i denne magiske verda, du overser dei kristne innflytelsane og har lettare med å godta handlinga. Som vaksen er det simpelt, opplagt og til tider usmakeleg, «Narnia» byr ikkje på dei store utfordringane lengre. Så sjølv om serien er flink til å følge handlinga frå boka blir det i beste fall midt-på-treet. Prosjektet mitt om å sette meg inn i bøkene og tv-serien er forsåvidt avslutta etter dette.

Snodig, vi pløyer oss gjennom denne for tida i Casa Ivers. Så ferdig Voyage of the Dawn Treader (den de fleste mener er best) i forgårs, Silver Chair starter vi vel på i kveld. Du vil ikke lese flere av bøkene? Tsk. Om du skulle ombestemme deg anbefaler jeg Hesten og hans gutt. Den er fin.