Filmdagbok
ness
29-jan-2008

Tog

Ver varsam for toget!

David Lynch sine filmar er eit mekka for analyse, personleg har eg funne ut at det som fungerar best for meg er å la ting gå sin gong. Her føregår så mykje rart at det hadde teke kortare tid å lære hunden snakking enn å forstå alt. No er det vel strengt tatt ikkje poenget at alt skal forståast. På ei liste over ting ein bør vite før ein ser Lynchfilm, funne på IMDb sitt diskusjonsforum for «Rabbits», står det at deler skal vere uforklart og uutforska, deler er det meininga du skal tillegge eiga meining, det du ser - er ikkje, osv. Innlegget her ber preg av at underteikna har lurt på kva han eigentleg har sett.

Siste tida har eg altså brukt på å komme meg gjennom dei mindre kjente prosjekta til Lynch, kortfilmar, nettseriar og litt slikt, i tillegg til den siste storfilmen hans. Ikkje alt har vore mogleg å få tak i, endå gjenstår «On the Air», «American Chronicles» og «Boat».

Inland Empire (2006)

Inland EmpireÅ finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.

Rabbits (2002)

RabbitsTre menneske i kanindrakter, ein - 1 - kameravinkel og trykkande musikk med lokomotive tonar blir til 42 minuttar med «Rabbits». Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om ein flyttar rundt på setningane. Deler av tida er forbeholdt stillheit, innslag av latter og applaus frå publikum på boks gir assosiasjonar til sitcom, det betyr ikkje komedie, men heller absurd prat. Undervegs blir me vitne til eit par forrykande lysshow og den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det særaste eg har sett nokon gong, kvifor eg lot meg imponere er ei gåte, eg forstod jo ingenting! Deler av «Rabbits» er tilgjengleg via YouTube. Har du sett «Inland Empire» veit du kva du går til.

Darkened Room (2002)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Broken Hearted (1990)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette virke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som opptrer i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

Dumbland (2002)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

Hotel Room (1993)

Hotel RoomHBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.