Dedication (2007)
User Rating: 7.3/10 (293 votes)
«Dedication» fekk meg til å tenke på filmar som «Garden State», «The Squid and the Whale» og «Lonesome Jim». Slike som går i sitt eige tempo, har nokre djupsindige og uforståelege karakterar og gjerne tyr til det som blir kjenneteikna som småmelankolsk indie pop/rock. Ein fin tanke, eg er glad i denne type film med denne type musikk og denne type karakterar, så «Dedication» skulle jo helst ha gått i boks den.
Problemet er, for det er eit problem, eller i det minste vil eg at det skal vere eit sånn at eg kan bruke det som argument til kvifor «Dedication» ikkje nådde toppen, at dette blir for uklart. Utan at eg kan legge fakta på bordet for å bekrefte framstår «Dedication» som ein oppskriftsfølgande kopi på bl.a. «Garden State», dei rette tinga er tilstades og eit utval av sekvensar får det til å dunke litt i brystkassen, men kjensla av at nokon har lagt sjela si i dette, som Noah Baumbach i «The Squid and the Whale», er ikkje tilstades.
Dette til sides, «Dedication» er ein fin film, med fin musikk og fine Mandy Moore. Her er innslag av lekkert foto og hovudpersonen Henry (Billy Crudup) er fleirdimensjonal nok, i tillegg til utvalet av hjertefølte sekvensar som nemnt over. Problemet er at filmen som heilskap aldri klarar å gripe tak i meg, starten fekk lide under dette då det tok meg ein halvtime før eg brydde meg spesielt om handling og karakterar.
Halvhjerta forsøk på å skape ein fin og noko småspesiell film innan ein sjanger der det må meir originalitet og betre utføring til for å skilje seg ut. Blei det for mykje namedropping her så er det berre å beklage.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
