Filmdagbok
ness
21-jan-2008

TV pilotguide #6: Canuck of the north

Januar/februar er tid for nye seriar, eg har sett ei håndfull amerikanske som vanleg, men også ein del kanadiske. CBC er eit nettverk som liknar på dei amerikanske når det gjeld sendeflata. Stilen er ganske lik generelt, ikkje fullt så perfeksjonert på alle område, men for det utrente auge er det minimalt å legge merke til. På enkelte område ligg CBC nærmare i originalitet til BBC enn dei amerikanske søstrekanalane. Så for å rette augene mot seriar som kanskje ikkje vil vere blant dei mest aktive på folkemunne i Noreg har eg fokusert utelukkande på kanadisk her.

Sophie

SophieMed sine 22 minuttar glir «Sophie» inn i komediesjangeren. Ei pen, ung kvinne blir spådd sitt livs verste år innleiingsvis og grunnlaget er lagt. Ho blir snart dumpa av typen til fordel for bestevenninna og ikkje mange dagar seinare føder ho det som skulle ha vore babyen hans, men som med mørk hudfarge må vere ein anna sin. «Sophie» byr ikkje på dei store latterkulene, men avstår heldigvis frå å køyre på med dårlege vitsar. Det er som om dei prøver å vere litt seriøse med serien, utan heilt få det til å stemme då. Vanskeleg å sette fingeren på noko spesielt, dette er berre altfor midt på treet for min smak.

jPod

jPod«jPod» er av det litt lengre slaget, omtrent 42 minuttar lange episodar, men likevel kan det reknast som ein komedie. Det handlar om Ethan og kollegaene innan spelutvikling, delvis også familien til Ethan, som består av ei marijuanadyrkande mor, skodespelande far (strengt tatt statist) og ein bror med sansen for eldre kvinner. Humoren har ofte basis i det kriminelle rundt mora sitt miljø eller den seksuelt lada atmosfæren over arbeidsplassen. God som tidsfordriv, men manglar det vesle ekstra for verkeleg å ta av. Er likevel positivt innstilt til at også denne, som «Sophie», prøver å gjere meir ut av seg enn å stampe innan ein fastslått sjanger.

The Border

The BorderGrensevaktene i Kanada har ein del å stri med, blant anna er presset frå USA ganske stort, då dei oppfører seg som ein bøllete storebror i mange av dei seriøse sakene politiavdelinga til grensevaktene får på nakken. «The Border» starta fint nok den, men i andre episode lyste det klart gjennom at dette er ein av desse oppskriftseriane, der alle episodane starta og slutta på 0, og som passa perfekt i detektimen på NRK1. Ingen spesielt interessante karakterar er nok det største minuset, men den politiske vrien som spesielt første episode støtta seg på var faktisk ikkje så dum. Uansett, like greit å styre unna denne.

MVP - The Secret Lives of Hockey Wives

MVPEin kanadisk serie om ishockey er ikkje den største bomba. Her virka serieskaparane å ha plassert utelukkande modellar i rollane og gjort handlinga like overfladisk som utsjåande. Det luktar parfyrmert såpe, men som såpe glir det lett på huda. Faktisk er det ganske morsomt å sjå kor langt serien blir dratt innan stereotypar og oppbrukte plots, i seriøse forsøk på å skape god tv. Det vil vere å lyge om eg påstår eg ikkje blei litt bitt når andre episode køyrte på for fullt. Mot slutten av andre episode skein likevel den dårlege kvaliteten altfor godt igjennom, ein gong for alle.

 
ness
20-jan-2008

Tekon kinkurîto (2006)

User Rating: 7.6/10 (807 votes)

Tekkonkinkreet«Tekkonkinkreet» er basert på ein manga og utvikla av Studio 4°C, eit animasjonsstudio det godt hende du har vore borti utan å vore klar over det, då dei stod bak musikkvideon «Breaking the Habit» til Linkin Park, «Kid’s Story» segmentet i «The Animatrix» og «Memories» (tre kortfilmar i eit frå 1995).

Sentralt i historien finn me brødreparet Black og White, to foreldrelause ungar som bur på gata i bydelen Treasure City. For dei som kan få kontroll over bydelen ligg det store pengar i å drive business der, difor er yakuzaen sjølvsagt interessert. Men Black og White er mindre glad i at nokon prøver å ta over «deira by», og når det kjem til stykket spelar ikkje alder så stor rolle for kva dei set seg opp mot i den samanhengen.

Animasjonen i filmen er rik på detaljar, fargar og teknikkar som hjelp med å frigjere dette frå den todimensjonale flata. Stilen er særeigen og tøff i kantane, kan i blant gi deg inntrykk av å vere enkelt illustrert, men det tek ikkje lang tid mellom kvar gong den motbeviser seg på dette område. Visuelt snadder altså.

Handlinga er utfordrande og krev konsentrasjon, då det alltid skjer noko, gjennom dei 110 minuttane filmen varer blir me flytta eit stykke i både tid og rom. Eigentleg forblir me i same område, men det skjer noko med Treasure City etterkvart som karakterane utviklar seg, så det me sit igjen med er eit nytt «rom».

Desse to sidene ved filmen er styrken sett frå min ståstad. Men det var ikkje nok, eg synst det blei kjedeleg i lengda, eg kjenner tydeleg igjen forteljarstilen frå typen manga eg ikkje er spesielt interessert i. Heile greia med historien som vippar over i rare draumar, ondt og godt, fungerte ikkje for meg i denne samanhengen. På det område er eg meir glad i Studio Ghibli. Eg klarar likevel ikkje sjå bort i frå at filmen i blant imponerte med animasjonen sin.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
19-jan-2008

Blood Simple. (1984)

User Rating: 7.7/10 (16,959 votes)

Blood SimpleFørste filmen til Coen-brødrene er ei blodig affære frå tidleg 1980-tal som også markerar debuten til Frances McDormand, eit av dei ansikta som har det med å dukke opp i Coen-filmar (som «Fargo» og «Raising Arizona»). Med seg har ho John Getz, Dan Hedaya og M. Emmet Walsh som spelar viktige rollar. Eit budsjett på 1.5 millionar dollars er ikkje det aller meste, men ikkje dumt med tanke på at dette er ein debutfilm. Om dette satte begrensingar for den tekniske delen og førte til at bilde er 4:3 og ikkje proff kino-widescreen er for meg usikkert. Reint bortsett frå dette er det lite som er verdt å nemne med tanke på utstyr iallfall.

Utløysande årsak til den tøffe krimthrilleren som følger er det typiske utruskapet med ein sjalu ektemann på andre sida som har fått greie på det som utviklar seg bak ryggen hans. Han hentar inn hjelp via privat etterforskar og heretter ballar det berre på seg.

Det er ikkje så mykje blodet som gjer dette effektivt, sjølv om det skal nemnast at det har gått med mange liter teaterblod, som det er bruken av low-key og oppfinnsomme kameravinklar, nervepirrande stillheit og venting. Action er det nok av, men det er ventinga som er spennande og måten den knappe dialogen fører til at berre me som publikum har oversyn over alt som skjer, utan at det blir verken irriterande eller dumt å sjå karakterane styre med sitt.

«Blood Simple» blir i filmen beskrive som ein tenkemåte som følger av lengre involvering i valdeleg prosedyre, men kan like gjerne beskrive framgongsmåten. Mykje av spenninga låg for min del i dei simple framgongsmåtane som sjeldan tek hensyn til framtida. Simpelt er nok meir negativt enn rettferdig er, her brukar eg det altså til fordel for filmen.

Utan å dra dette så mykje lengre… Likar du kombinasjonen Coen med krim/thriller, så vil du like dette.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
18-jan-2008

Rendition (2007)

User Rating: 6.6/10 (3,190 votes)

Rendition«Rendition» virka på meg som ein interessant film, den første til regissøren Gavin Hood sidan Tsotsi og med både Jake Gyllenhaal, Meryl Streep og Reese Witherspoon i respektabelt viktige rollar. Den fører seg inn i rekka av post-9/11-filmar om urettferdig behandling og er eit halvkritisk syn til dei omstridte lovene som gir amerikanske myndigheiter myndigheit til å myndifisere som dei vil ved å bruke terrormistanke som argument.

Halvkritisk, om det skulle vere eit uttrykk, ser eg for meg kan beskrive ein film som har i tankane om å rette peikefingeren mot noko, men som enten ikkje torer å gjere det skarpt nok eller ikkje lykkast i å gjere kritikken tydeleg og interessant nok til å bli berande for filmen. I «Rendition» går ei bombe av ein stad i Egypt, ikkje lenge etter blir familiefar Anwar El-Ibrahimi (Omar Metwally) stoppa på flyplassen i Washington på veg heim frå Sør-Afrika, mistenkt for å vere i kontakt med terrormistenkte i Egypt. Kone og barn ventar forgjeves og ettersom alle spor av ankomst raskt blir sletta må dei leve i uvissa om kvar det har blitt av Anwar. Parallellt følger me bl.a. Gyllenhaal sin karakter og deler av familien til mannen som styrer fengselet der Anwar blir halde og torturert, viss alle er knytta saman til denne saka.

Historia er sterk, det er utførelsen som trekk ned filmopplevelsen. Omtrent heile vegen er det ein gjennomsnittleg og lite engasjerande film me får servert. Ingen av tragediane går innpå meg og eg sit igjen med ei litt kald kjensle. Likevel skimtar eg altså halvkritikken og må innrømme at ingenting er nemneverdig dårleg, utanom ein tidsrelatert twist sånn cirka 3/4 ut i filmen, her måtte eg le litt av kor håplaust det fungerte, som om «Rendition» bevisst prøvde å dumme meg ut framfor å overraske.

Eg lurte lenge på om dette var midt på treet eller litt over, og med magekjensla som støtte enda eg til slutt på litt over. Skal den logiske sansen prøve å komme med ein form for meining må det vere at skodespelarane gjer ein kurant jobb, at det ligg i enten manus, regi eller klypping at potensialet aldri blir fullført, både i tilknytning til karakterar og å gjere historia interessant nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
17-jan-2008

The Invisible (2007)

User Rating: 6.0/10 (8,267 votes)

The Invisible«The Invisible» er ei nyinnspeling av svenske «Den Osynlige» frå 2002, ein film eg forsåvidt ikkje har sett og må avstå gleden ved å samanlikne med. Eg kan fortelje at det er ein god remake, i form av det er ein god film, men definitivt ikkje for alle. Kvifor? Då må eg nesten ta eit kort samandrag først.

Nick (Justin Chatwin, «War of the Worlds») er ein begava ung gut, han lev eit godt liv, er smart og har aldri gjort noko som folk kan hate han for. Problemet hans er at han er for snill og blir soleis styrt mykje rundt av andre, som mora. Men han gjer altså aldri noko vondt. Dei fleste han omgås med tek han heller for gitt, eit poeng filmen skal behandle då Nick ei natt blir borte, men er tilstades som ei slags usynleg ånd rundt dei andre viktige karakterane i filmen utover.

«The Invisible» blir ein enten-eller-film som følger av evna di til å akseptere dette overnaturlege fenomenet, der Nick får innblikk i det som skjer rundt seg, noko han ikkje var klar over før han blei borte, utan at folk veit han observerar dei og samtalane deira. Heng ikkje dette på greip er omtrent heile grunnlaget for filmen blitt borte for deg. Ei skikkeleg smakssak med andre ord, som eg slukte og satte pris på. Eg hoppar ikkje i taket for originalitet, sjølv om eg ikkje kan påstå å ha sette denne historia før, men mykje virkar likevel kjent. Dramabiten og musikken fungerte sopass godt at eg koste meg med filmen. Folka som er med glei på plass i miljøet og då spesielt den rimeleg ferske Margarita Levieva gjorde inntrykk på meg.

I dei første minuttane etter “forsvinninga” til Nick var eg smått skeptisk til om dette var ein kopi av «The Sixth Sense», noko den åndedelen i samandraget mitt også kan hinte til, utan at det er meininga, for filmen styrer godt unna dette og tanken forsvann like brått som den var komme (før eg no satte meg ned igjen for å skrive). Med andre ord er eg rimeleg fornøgd med «The Invisible», ein fin overnaturleg ungdomsfilm med dosar av sjølvrealisering og krim. Så lenge ein ikkje forventar det meste så trur eg i grunn denne godt går an å sjå. Kjem på DVD i Noreg 28. januar (ingen kinodistribusjon her til lands).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-jan-2008

Rocket Science (2007)

User Rating: 6.9/10 (856 votes)

Rocket Science (2007)Eg var usikker på om eg skulle sjå «Rocket Science», traileren var morsom, men noko holdt meg tilbake. Responsen (85% på Rotten Tomatoes) har vore rimeleg god, greia er at filmen aldri fekk den store lanseringa når den kom i haust. Eg hoppa likevel i det.

Hal Hefner er den stille, usikre guten som aldri heilt klarar å uttrykke det han har på hjarte, fordi han stammar. Ginny vil likevel ha han med på debattlaget, fordi ho ser eit potensiale. Dette opnar augene til Hal for noko meir.

Viss det du er på jakt etter er ei historie om den stammande guten som skal overbevise alt og alle ved å bli meister i debattering og vinne den foreliggande konkurranse, så må du sjå ein anna veg. Strukturen her er ulik “konkurransefilmen”, sjølv om kjenneteikn undervegs har likheiter.

Det «Rocket Science» derimot handlar om er Hal som person, kva som skjer når kvardagen hans blir endra, Ginny kjem inn i livet hans og følgene. Alt føregår i nonchalant tempo med mange humoristiske vendingar. For enkelte kan eg forestille meg at dette blir for kjedeleg og spesielt, sjølv storkoste eg meg til det var omtrent 20 minuttar igjen, då byrja ting å tære på tålmodigheita, mest fordi Hal er ein ganske slitsom person å høyre på, og litt fordi filmen legg opp til håplaust lite framgong her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
mario
14-jan-2008

The Pacifier

(IMDb)

The PacifierEtter «oppfordring» fra Asbjørn ble jeg spurt om å se «The Pacifier» med Vin Diesel, rett og slett fordi det var en film som ikke var etter hans smak. Jeg tok oppfordringen og benket meg godt ned i godstolen for å se denne filmen.

Vin Diesel spiller en hardbarket Navy Seal løytnant ved navn Shane Wolfe. Wolfe og hans team har et oppdrag om å frigjøre forskeren Howard Plummer som jobber for Pentagon. Han er blitt tatt til fange av noen serbiske rebeller. Det viser seg at oppdraget går galt. Plummer blir drept og Wolfe blir skutt. Noen måneder senere blir han utskrevet fra sykehuset og får et nytt oppdrag. Denne gangen skal han passe på familien Plummer. Det er fortsatt terrorister og andre som er ute etter Howard Plummers arbeid. Dermed settes Wolfe på saken og blir familiens Plummer livvakt, noe som skal vise seg å være lettere sagt enn gjort. Moren må nemlig dra til Sveits for å løse noen saker angående ektemannens død. Wolfe får dermed ansvaret over de fem Plummer-barna. Barna gjør livet til Wolfe surt gjennom forskjellige skøyerstreker. Men etterhvert oppstår det sterkere og sterkere bånd mellom Wolfe og barna. Slik fortsetter filmen helt til vi dessverre får en veldig forutsigbar slutt, som faktisk ødela noe som hadde småpotensiale. Denne filmen funker helt greit som tidstrøyte, men er ikke en særlig god film.

 
ness
14-jan-2008

Juno (2007)

User Rating: 8.4/10 (18,740 votes)

JunoRoger Ebert kåra «Juno» til årets beste film for 2007. Den respekterte, amerikansk filmkritikaren har tidvis skrytt hemningslaust over filmar eg ikkje har hatt den største gleda med, men når det gjeld «Juno» har han eit poeng. Hadde eg sett denne før det nye året satte inn hadde den sanneleg skulle fått ein plass på mi toppliste likedan. Om ikkje dette luktar skryteinnlegg nok så kan eg godt bekrefte at det er, først som sist.

«Juno» er ein dramakomedie om ei 16 år gammal jente som blir gravid, ufrivillig. I hovudrolla finn me kanadiske Ellen Page - den vesle tøffe jenta frå «Hard Candy», på overflata er ho ganske henslengt til tanken om at ho over 9 månader vil bli større og større, ho er då likevel ikkje av typen som gir faen i alt, sjølv om ho gjerne vil framstå slik, for spesielt interesserte kan eg trekke parallellar til personlegheita Lindsay i «Freaks and Geeks» innehar. Page er intet mindre enn perfekt, verken for slapp eller anspent i spelestilen, ho får hjelp frå ansikt som bl.a. Michael Cera («Superbad»), Jason Bateman («Arrested Development»), Jennifer Garner («Alias») og J. K. Simmons til å komplettere skodespelsida av filmen. Dei tre siste har ikkje alltid overbevist i tidlegare filmar, her er det tydeleg gjort ein god jobb i å tilpasse manuset eller finne dei rette folka.

Jason Reitman, regi og Diablo Cody, manus, har laga ein film som er smårar og koseleg, tilgjengeleg og lettfordøyeleg, alvorleg og veldig aktuell, utruleg morosam og rørande. Fjorårets «Knocked Up» tok også for seg uønska graviditet og blei ein av årets beste komediar, «Juno» klarar å berøre mange fleire sider på halvtimen mindre og framstår som ei perfeksjonering av typen seriøst vinkla komedien.

Dessutan, det er alltid eit godt teikn når ein har lyst å sjå filmen igjen før den er ferdig. Når daglegdagse gjeremål frukostlaging i microbølgeomnen får ein til å smile av pur glede for måten kamera og klypping jobbar i lag på. Når du tenker at Michael Cera er den nye helten fordi han går med oransje pannebånd og eigentleg aldri utfører store heltebragder. Når du kan lese tankane til ei jente gjennom at ho løftar tungt, røyker pipe og syklar, utan at filmen gjer eit stort nummer av å gjere dette eksplisitt (Slik går mykje av filmen, der bilde og tale gjerne jobbar på eiga hånd når dei ikkje går direkte i lag). Når ein har lyst å sei ALT om filmen, men innser at det aldri vil vere mogleg å gi ei beskrivelse verdig, der berre ei sterk anbefaling er godt nok.

Premieredatoen er satt til fredag 8. februar (endringar kan skje, då sist eg sjekka denne var 1. februar).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-jan-2008

Bokklassikar i filmform: Fluenes herre alias Lord of the Flies

Lord of the flies postersNobelprisvinnar William Golding skreiv «Fluenes herre» i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært annarkjent og blant anna har fått status som ei av verdens 100 beste engelskspråklege romanar av TIME, samt godord frå American Library Association m.fl. Når eg satte meg ned med handlingsreferatet til 1963-filmen fekk eg ei aha-opplevelse, dette måtte vere ei bok eg las som yngre! Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk bekrefta at boka eg las var svensk, berre med likt utgongspunkt og lik handling (om eg berre hadde komme på tittelen her).

Dei som har sett «Lost» vil nok trekke på augnebryna når det kjem fram i dagen at «Fluenes herre» handlar om ei gruppe unge speidargutar som etter eit flykrasj i havet befinn seg på ei øde, tropisk øy utan vaksne til å ta vare på dei. Lite blir det i filmane fortalt om kvifor det var så mange barn på flyet og ingen vaksne forutan piloten, kven desse barna er avvik smått frå film til film, som med mange andre av detaljane omkring opphaldet, noko som kan ha med at første filmen kom i 1963 og den andre i 1990 og ideen om rammehistoria sin funksjon kan ha endra seg. Kjerna er forsåvidt lik og begge filmane har sine fordeler mot den andre i måtane å uttrykke denne på.

Overlatt til seg sjølv må barna tilpasse seg situasjonen og unge som dei fleste er blir ikkje alvoret forstått. Dei to eldste trår som forventa inn i leiarposisjonar og prøver å få struktur i tilværelsen, etter kvart blir det klart at desse har to vidt ulike syn på kva tiden skal brukast til. Konfrontasjon er uungåeleg, og det er her nokre av filmane sine verste syn oppstår.

1963Essensen i «Fluenes herre» er den rå naturen til det uferdige og ikkje fullendt siviliserte menneske, det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståelsen av handlingane sine. «Lord of the Flies» anno 1963 er skremmande god på å få fram denne sida, mens der i «Lord of the Flies» anno 1990 ligg hakket djupare og kjem meir fram i form av barnas dårlege eller mange på forståelse av konsekvensar handlingane kan få. Teknisk sett er 1990-versjonen overlegen med nydeleg fargefoto, betre skodespelarar, og ei evne til å sette øya i perspektiv for å gi inntrykk av storleiken vs. små barn, som på meir enn ein måte blir tapt i naturen, der bruken av ordet natur inkluderar overlevingsinnstikt osv. 1963-versjonen er ikkje så begrensa i skala som ein får inntrykk av innleiingsvis, men gjer ikkje naturen til den utprega karakteren i filmen, og blir difor strammare rundt personane, får eg inntrykk av. Hadde berre skodespelarane vore betre her ville denne filmen ha komme langt!

1990Eg hadde det enklast med å sjå den nyaste versjonen, tross påstanden min om at den eldre var meir brutal. Sikkert fordi formen er meir publikumsvennleg og at eg slapp følge like mykje med på handlingsforløpet. Men eg kan eigentleg ikkje anbefale verken dei eine eller den andre, uansett kor god boka måtte vere og set preg på kjerna i desse filmane held ikkje dette mål, eg såg fram til minst ein god film med blei berre skuffa og kjeda meg store delar av begge. I ettertid er det likevel filmar som får ein til å tenke, når ein kjem forbi utførelsen er det som sagt gode poeng som ligg igjen, og dette er vel unnskyldning nok for at det er prøvd å lage god film på William Goldings bok.

 
ness
12-jan-2008

Before the Devil Knows You’re Dead (2007)

User Rating: 7.8/10 (4,441 votes)

Before the devil knows youre deadSidney Lumet er tilbake med nok ein film, femti år etter sin første (det kan jo nemnast at han allereie då hadde tent nokre år i tv-tenesta), og det er kjekt å sjå at det er ein god film denne gongen.

Etter ein litt sjokkerande start, ikkje på grunn av at sexy Marisa Tomei og mindre sexy Philip Seymour Hoffman opnar midt i den heftigaste sexakta, denslags er jo blitt vanleg nok i spelefilmar, men fordi Lumet torer å gjere så mykje ut av denne scena i minuttane som etterkvart har blitt veldig dyrebare for å etablere mest mogleg av filmens vidare framdrift, får me vite at dette skal handle om eit ran. To brødre, spelt av Hoffman og Ethan Hawke, går saman om å planlegge ranet på ein forstads gullsmedbutikk, begge treng pengar og “the mom and pop operation” blir ein enkel utveg for problema. Så går sjølvsagt ting på skeive.

Når ting går feil i ransfilmar går dei som regel ganske feil, før dei ev. sluttar på Hollywoodvis og alle er glade. «Before the Devil…» er ingen glamorøs heistfilm, men set heller ikkje utover stupet med ein gong, for rett som det er hoppar me tilbake i tid, «Memento»-style. Tre personar ber bitane av trådar som stadig kryssast i tida rundt ranet, brødrene og faren (Albert Finney) kan ha ein samtale ved eit tidspunkt som dukkar opp igjen når me følger ein av dei andre karakterane. Repetisjon på film kan vere kjedeleg, om det ikkje er utført på denne måten, der ny informasjon kjem på bana heile tiden og set gitte sekvensar i nytt lys. At «Before the Devil…» brukar tida til å tilføre meir meining heile vegen er vel ingen overraskelse for dei som har sett gode Lumetfilmar før, tidshoppinga gjer det litt meir utfordrande å følge med på, bidreg til enkelte aha-opplevelsar og fungerar rett og slett betre enn den kronologiske oppbyggingane ville ha gjort.

Om eg skal sette fingeren på ein ting er det at nokon av dei personlege forholda virka unødvendige og bidreg til å dra filmen ørlite ut i tid.

Til slutt vil eg skryte litt over nydeleg foto, spesielt utescenene er flotte med sitt kontrastprega og delvis overeksponerte bilde, musikken er tidlaus og kunne like godt ha blitt brukt i ein 1970-talsfilm, den er tydeleg og pregar stemninga som om den var ein eigen rollefigur. I blant slik at ein sit med breidt glis for opplagt bruk, det blir heller aldri cheesy eller harry av den grunn.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10