Filmdagbok
ness
11-jan-2008
Comments Off
Comments Off

Man Stroke Woman sesong 1

6 episodar.

 
ness
11-jan-2008

The Wire sesong 1

13 episodar.

The Wire sesong 1HBOs «The Wire» har vore heitt snakk sidan 2002 no, utan at eg har brydd meg om å sjå nærmare på serien, grunnen er at «The Wire» aldri har blitt fronta slik at eg har bitt meg merke i den, fram til Bjørnar via Harry’s Corner (eller var det Movie Poop Shoot?) traff dei rette notane i haust.

«The Wire», første sesong iallfall, handlar om ei spesialeining innan Baltimorepolitiet som har blitt oppretta for å ferske langarar og drapsmenn relatert til narkobransjen. For politisjefane og politikarane handlar det om å kunne legge fram beslag for god publisitet, men for spesialeininga utviklar saka seg til noko større. Presset frå oven legg dempar på kva som kan bli gjort, og her er det så mykje som skulle ha blitt gjort. Fleire er redde for å trå feil for å øydelegge sin framtidige karriere, dette går utover politieininga.

Det er vanskeleg å trekke fram ein enkelt ting som gjer «The Wire» bra, for dette er ein serie der alt er fletta saman, der alt er godt gjennomført og samanflettinga og gjennomføringa er gjort som i mange andre kjente HBO-seriar, med tanke på heilheita framfor enkeltepisoden. Har du gått glipp av ein episode ligg du dårleg an! Handlingsforløpet er ikkje prega av ei stadig oppnøysting av trådane, men ein veit at det er ein plan bak alt og godtek at serien gjerne brukar tid på å komme seg vidare, for det er gjort så bra!

Kamerabruken, ja stort sett heile den tekniske gjennomføringa, er enkel og gjer ikkje anna enn å overlate publikum si merksemd til handlinga, «The Wire» er nedtona og realistisk tvers igjennom. Kort sagt: God serie som føyer seg inn i rekka av seriar eg gjerne vil fullføre etter kvart.

 
ness
10-jan-2008

Do I look like a killer to you?

Det ser ut til å bli stadig fleire samlepostar her omkring, kanskje ikkje når du rullar nedover på sida, men små “prosjekt” eg har liggande på lur etter ein filmfyllt juleferie og som eg har satt for meg å nemne her.

Dei to aktuelle filmane er vel strengt tatt ikkje meir slekta enn gjennom thriller/horror-sjangeren, og at det var min venn Roar, som nyleg stod for litt om Olsenbanden, som prakka dei på meg og to kameratar. Eg tek den beste, den gode filmen av dei to, først.

The Hitcher (1986)

The HitcherHar ikkje mamma sagt til deg at du må unngå å plukke opp haikarar? Jim Halsey (C. Thomas Howell) si mor har sagt det, men han trossar rådet og plukkar opp John Ryder (Rutger Hauer) ei regnfull natt langs motorvegen. Ryder viser seg å vere psykopat av verste slag og etterkvart går det opp for Halsey at det ikkje berre er hjul som rullar langs motorvegen. «The Hitcher» tek element frå fleire ulike thriller/horror-filmar («Duel» bl.a.) og lagar ein spennande film ut av det, men framstår ikkje som blandingsrøre. Skulle eg forandre ein ting, meir Rutger Hauer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Cape Fear (1991)

Cape FearMartin Scorcese, remake, Nick Nolte. Tolk det som du vil, men her betyr ikkje Scorcese nødvendigvis høg kvalitet, remake tull eller Nolte dårleg skodespel. «Cape Fear» er omtrent så midt på treet som det går an å bli. Her vekslast det på rå kameraføring og tidleg 1990-talsklisjear, mykje hadde glidd godt inn i 1960-talsfilm, men blir feil her, utan at det er direkte dårleg. Stemningsskapande musikk av godt kaliber får aldri fram den forventa sitringa, eg torer sei at Robert De Niro sin karismatiske psykopatiske eks-fange blir meir morsom enn truande. Midt på treet halvveges gjennomført.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
09-jan-2008
Comments Off
Comments Off

Woody og hans filmar - bit for bit

Her kjem ei lita bølge med oppsamla filmskribleri på vegne av Woody Allen sine filmar, ein filmskapar eg alltid kjem tilbake til og som alltid har noko nytt (for meg) liggande på lur. Kan nok kallast ein av favorittregissørane mine, sjølv om ikkje alt han lagar er like bra. Sidan eg har sett ein del i det siste såg eg det praktiske i å bygge på dette innlegget, for ikkje å servere for mykje på ein gong set eg grensa på fem tilfeldige titlar her, og eg har fleire filmar på lur til seinare.

Bananas (1971)

114BananasAllen sin tredje langfilm er ein politisk komedie tydeleg inspirert av forholdet mellom USA og Cuba, revolusjonen og dåtidas syn på folk med «feil» meiningar. Den uutdanna Fielding Mellish (Allen) blandar seg inn i demontrasjonskulturen fronta av universitetsstudentar og deira støtte for opprør i det fiktive landet San Marcos som nyleg har lidd under eit poltisk kupp. Som hovudrolleinnhavar gjer Allen veldig mykje ut av seg i form av fysisk humor og kløne. Litt enkelt, men det fungerar om ein er positivt innstilt. Den poltiske vinklinga ligg fint å duppar i overflata og har i blant gode poeng. God nok.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Interiors (1978)

114InteriorsDen mest seriøse filmen til Woody Allen viser at mannen er flink til meir enn å more folk, dette veit dei som har sett litt i frå ulike deler av filmografien hans. Datert seint 1970-tal med sterke rolletolkningar av bl.a. Diane Keaton og Mary Beth Hurt, Woody Allen forblir bak kamera, omhandlar Interiors ein familie der mor er psykisk ustabil og døtrene lever i frykt for å arve sinnslidelsane. Tung stemning pregar filmen som har sterkt manus med mykje fin dialog og er solid regissert, forventar du ei handling med tempo og action er dette derimot feil val.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

A Midsummer Night’s Sex Comedy (1982)

A MidsummerSatt til tidleg 1900-tal har Allen med «A Midsummer…» valt å sette handlinga til ein spesifikk periode for å forsterke den. Her er ekteskap, kjærleik og sex tema når seks vaksne menneske med inperfekte forhold samlast for å feire det kommande bryllaupet blant to av desse. Romantiseringa, krydra med seksuell energi, svarar til mange av forventingane eg har til kostymedramakomedien, og er nok blant dei morsommare eg har sett innan sjangeren. Allen lykkast likevel ikkje å more så mykje som håpt, det blir for tamt og uskuldig. Eg kjeda meg ikkje, men kunne gjerne ha fått litt meir trøkk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

The Purple Rose of Cairo (1985)

Purple rose of cairoFørste først, dette er ein film utan Woody Allen, verken på bildesida eller lydsporet. Der finn me derimot Mia Farrow og Jeff Daniels, i blant med hjelp av Danny Aiello. Cecilia (Farrow) lev under depresjonen, er glad i film og mindre glad i ektemannen Monk (Aiello). Så kjem «The Purple Rose of Cairo» på kino og ho blir betatt, må sjå den om igjen fleire gonger, heilt til Tom Baxter (Daniels) ein dag hoppar ut av lerretet. Morsomt, spesielt og Woody Allen er naturlegvis godt oppmerksom på bruken av filmformatet. Her blandar han alle moglege konvensjonar i hytt og pine.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Radio Days (1987)

Radio Days (1987)Ulike radiominner som kjente songar frå barndommen til Woody Allen, familien sitt forhold til radioen parallelt med historiar om kjendisar utgjer denne kompilasjonen av fleire lause historiar. Allen sit bak mikrofonen i «Radio Days» som forteljarstemma mens ein ung Seth Green spelar Allen som barn, her gitt namnet «Joe». Vandrehistoriar, sladder og eigne minner dannar grunnlaget for ei nostalgisk tidsreise. Allen nyttar også filmen til å dyrke musikksmaken sin, då det finst mange songnummer her. Sjølv brukte eg ei god stund på å komme inn i rytmen til filmen som eg aldri finn meir enn akkurat passe god, men stemningsfull.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
roar
08-jan-2008

Olsenbanden - Operasjon Egon (1969)

(IMDb).

(Ness:) Roar er dedikert til Olsenbanden forutan å vere siste tilskot til dei få eg har overtala til å levere gjesteanmeldelse på Filmdagbok. Så sant han har lyst skal denne ferske filmbloggaren stå for fleire kunnskapsfyllte Olsenbandenanmeldelsar i tida framover.

Olsenbanden - Operasjon Egon (1969)Den første filmen om den kjende banden. Det vart til slutt laga 14 filmar om banden, den første i 1969 og den siste i 1999. Olsenbanden vart funne opp av dei to danskar, Erik Balling og Henning Bahs. Den første danske filmen vart laga i 1968. Den norske regissøren Knut Bohwim fekk sjå den danske filmen, og kom på ideen om å laga ein norsk versjon av den. Han fekk med seg filmteamet Team Film A/S, og dermed var det den norske filmserien i gang.

Egon Olsen har, som nesten alltid elles, med seg ein plan når han kjem ut frå Botsfengselet. Denne gongen vil han ha med seg Benny og Kjell på å stjela ein gullfigur som tidlegare har tilhøyrt den tyske keisaren. Denne figuren skal no stillast ut i Oslo, og er streng bevakta av politi, TV-kamerar og alle slags alarmar. Men etter grundig planlegging er ikkje dette eit umogleg kupp for Olsenbanden å gjennomføra.

Denne første filmen i serien er grei nok, men det skulle koma betre filmar seinare om banden. Filmen skil seg litt frå dei andre filmane i serien ved at den er meir vaksen både i stilen og innhaldet. Ein del artige scener er det rett nok, spesielt dei som involverar kriminalbetjent Hermansen. Han vert jo nærast latterleggjort av både banden og sine eigne, for det er ikkje alt han gjer som er vellukka i sin kamp for å få tak i banden.

Fimen får: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
08-jan-2008
Comments Off
Comments Off

Oz and James’s Big Wine Adventure sesong 2

8 episodar.

Oz and James’s Big Wine Adventure sesong 2Smått utvida, litt mindre sakleg, eit hakk meir alkohol, Oz og James er tilbake på reisefot, denne gongen i California på jakt etter god og rimeleg vin.

Første sesong av denne BBC-produserte serien tok seg for å lære James May sette pris på vin, undervise innan grunnleggande kunnskapar knytta til vinlaging og vinsmaking (les: drikking). I California blir «Big Wine Adventure» i større grad ei rundreise med fokus på smaking og ulike produksjonsmetodar. James har tydeleg fått auka kunnskapar, men innehar nok det som skal til for å finne rimeleg vin til folk flest. Som for å trekke ned igjen vinreisa til jorda har det blitt gjort meir plass for reise-tv-delen av programmet, samt det faktum at store mengder vin, logisk nok, fører til at folk flest (Oz og James inkludert) blir godt fulle.

Samanlikna med første sesong har den andre hakket meir fokus på underholdningsbiten, men ikkje for mykje, eg vil først og fremst karakterisere dette som eit lærerikt og inspirerande innblikk i mangfoldet av amerikansk vestkysts vinlaging, der intensjonen til folka bak dei aktuelle vinane får fortent dekning. På vegen møter Oz og James folk som 2-buck-Chuck, mannen bak billeg industrialisert vin, økologiske vinlagarar, blandingsmerkelagarar og motorsykkelgjengen bak merke Anarchy.

 
ness
06-jan-2008

Across the Universe (2007)

User Rating: 7.9/10 (10,404 votes)

Across the Universe (2007)Det er å underdrive og seie at eg er glad i The Beatles, som fan er eg rett nok fersk, men det skal ikkje legge noko demping på gleda eg får ved å høyre songar som «Got To Get You Into My Life» og «I Should Have Known Better». Utan å ha tiår på nakken i miljøet er eg open for alternativ bruk av musikken, korleis andre måtte tenke er for meg uvisst, når «Across the Universe» (filmen) kom fram i dagen var eg var eg ganske høgt der oppe. Ettersom det tok tid før den kom til Noreg var eg rimeleg kjapp på soundtracket og hadde dei fleste coverlåtane prenta i hjernebarken før eg såg filmen.

Eit av dei første tinga som slo meg var at «Across the Universe» innleiingsvis prøver for mykje, med korte og mange songnummer og ei fomling etter å få tak på sjåaren, eg blei brått redd for at dette kom til å bli ei overfladisk, om enn musikalsk, filmopplevelse, og det tok si tid før desse tankane forlot meg. Tid til å kvile blei det derimot ikkje, det neste som slo meg var kor trist «Across the Universe» er. Trist fordi personane me blir kjent med lev i eit samfunn dei ikkje har noko til overs for, at tida er ei uslåeleg fiende som det ikkje nyttar å kjempe mot, uansett kva som skjer er det ikkje nok styrke på plass til å bryte ut av den håplause tilværelsen. Kanskje ikkje teke ut av manuset til filmen, kanskje er det å vri litt på sannheita, men slik virka det.

Jim SturgessMusikken, nyinnspelingar av The Beatles melodiar som glir inn i historien i varierande grad er flott, sjølv om det blir litt for mykje av den i blant. Dette går ikkje på bekostninga av resten av filmen, det fører berre til at den blir lengre. Stundom står handlinga stille, uansett kor mykje eg undervegs ønska meg meir tempo klarar eg ikkje å oversjå dette som bidrag til å låse oss fast i tid og bidrag til å gi limet under beina på folka som ikkje klarar å styre liva sine heilt som dei vil.

Evan Rachel WoodAt «Across the Universe» klarte å gi meg ei tung kjensle i brystkassa gode 3/4 av filmen er eigentleg nok for meg til å skryte den opp i skyene, eg lever (les: ser film) for å oppleve desse gongene når det knyter seg i magen. Eg kan likevel ikkje unngå å legge merke til ting som kunne ha blitt gjort annleis, Prudence er ei eg gjerne skulle sett meir av her, ho forsvinn plutseleg ut av filmen for så å dukke opp igjen som om ho aldri betydde noko meir. Utflukta til Mr. Kite sitt sirkus tilfører filmen lite forutan visuell nytelse, Bono er ein av dei andre tilfella unødvendig show. Så problemet til filmen er i hovudsak at den prøver på altfor mykje, noko som hindrar den i frå å bli den ultimate filmopplevelsa, men den ligg ganske nærme for meg.

Og var det eit handlingsreferat du var på jakt etter må eg diverre skuffe deg.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-jan-2008
Comments Off
Comments Off

Gone Baby Gone (2007)

User Rating: 8.0/10 (8,365 votes)

Gone Baby Gone (2007)“Alle” snakkar om «Gone Baby Gone» og Ben Affleck som har funne vegen bak kamera og må forbli der, at han har mykje større talent for filmskaping enn skodespel. Så eg ser ingen grunn til å trakke opp desse spora så mykje meir, til sjuande og sist handlar jo det om filmen.

Casey “brutter” Affleck og Michelle “ehm ja” Monaghan er ferske privatetterforskarar, sambuarar og busette i Boston. Eit dystert, skittent, ekte Boston, og ikkje berre på likssom. Når ei lita jente blir borte blir dei leigd inn av slektningane av jenta for å drive supplementerande etterforsking, og for ein gongs skuld ser ikkje politiet ut til å bry seg nemneverdig om at fleire aktørar er med i leitinga. Respekta for dei unge og glødande privatetterforskarane frå politiet er ikkje enorm, men «Gone Baby Gone» er ingen kamp mellom politi og privat. Det er ein alvorleg film om kidnapping, dårlege leveforhold, realiteten for enkelte. Spørsmål og dilemma følger med i det som startar som ei grei forsvinningssak, men som utviklar seg til å bli noko meir då nokre trådar allereie blir nøysta opp halvveges ut i filmen.

Oj og au og ssh var blant mine reaksjonar undervegs, eg er aldri stor på å uttrykke meg under film, og ler gjerne enkelt ved å puste ut nasen med ei smil om munnen. «Gone Baby Gone» klarte altså å overraske, vere skikkeleg brutal og gi meg frysningar. Enkelte av tema som blir berørt undervegs er mørke saker og det hjelp veldig at Ben Affleck har fått med mange sære ansikt ved sidan av (og i) dei flotte hovud- og birollane. Casey har ein person for dei litt rolege filmane og blir den som utmerkar seg mest her ved sidan av deler av familien til den forsvunne jenta.

Det mange lurar på (les: det eg sjølv lurte på), er om «Gone Baby Gone» er verdt å sjå for meir enn å vere Ben Affleck sin langfilmdebut. Ja må eg svare på det, sjeldan har ei byskildring vore så god, ei forsvinningssak så mørk, men likevel så levande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
03-jan-2008

Atonement (2007)

User Rating: 8.1/10 (9,949 votes)

Atonement (2007)«Om forlatelse», som Joe Wright sin andre store film med Keira Knightley har fått som norsk tittel, befinn seg i ein lite utforska sjanger for min del; historisk drama i krig og kjærleik. Hadde det ikkje vore for Anne Hoff sin anmeldelse i bladet Film&kino ville eg vel gått lenge utan å ha sett den, sjølv om dei fleste observerte tilbakemeldingane har vore positive. I denne forbindelse tok eg meg litt tid til å reflektere over filmvanane mine og spesielt kor mange gode historiar eg går glipp av fordi eg glatt overser såkalla kostymedrama. Fordommane mine er ikkje ubetinga, altfor mykje platt og kjenslelaus kostymejåling har funne vegen til lerret og mine auger.

Det er då med stor glede at «Om forlatelse» lev opp til inntrykka eg gjorde meg etter anmeldelsen til Hoff, og at mine forhåpningar om at denne type drama, om brukt rett, kan bidra til skikkeleg gode krigs- og kjærleiksdrama. Kva gjer så «Om forlatelse» bra? For meg er det viktig at dette er ein frisk film, ikkje i den forstand at alle går med smil om munnen og er glade heile tida, men at den aldri blir tung og trist og kjedeleg. Jovisst er det tragedie, «Om forlatelse» er ingen gledeshistorie, Robbie og Cecilia, spelt av ypperlege James McAvoy og James McAvoyKeira Knightley, kan ikkje seiast å ha lykken med seg. Tristheita i historien er annleis enn ein tung og trist film ville ha vore, for å forsøke og klargjere meg på det område.Skjebna fører til at tida aldri er rett for desse til å ha eit forhold, ei ung jente oppfører seg urettferdig (for å sei det mildt) ved eit tidspunkt, og kven kan vel forutsjå, eller i heile tatt forhindre andre verdskrig ved å be om forlatelse?

Keira KnightleyNydeleg foto legg gjerne vekt på bevegelse eller stil ved sidan av flott komposisjon, menneska glir godt inn i miljøet og unngår å bli porselensdokker i dokkehus. Historia er gripande og fortalt roleg og tydeleg, utan at framgong blir hindra, forløpet går når det kjem til stykke eigne vegar og dette bidreg til friskheita eg snakkar om. Når du ser «Om forlatelse», sett at du har andre mål enn å mislike filmen, vil du merke at det ikkje er ei standarisert og reprodusert historie du får servert. Her er heller ingen eviglange monologar utan mål og meining, for å trekke fram Hoff for siste gong, med eit sitat: «Den knappe, korthogde (og visstnok 30-tallsautentiske) dialogen tilslører mer enn den røper. Til gjengjeld dirrer hvert bilde av uuttalte følelser og fortettet spenning.»

I fare for å ha ausa på med for mange godord avsluttar eg her og forventar kritikk frå dei som skulle ha sett filmen og ha andre meiningar. Takk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-jan-2008

Oz and James’s Big Wine Adventure sesong 1

5 episodar.

Oz and JamesVinekspert for BBC og forfattar Oz Clarke og programleiar for «Top Gear» James May slår seg saman og reiser på rundtur gjennom Frankrike i ein 1989 Jaguar XJ-S convertible med eit mål om å lære James å sette pris på vin. Resultatet er eit interessant og lærerikt program som smeltar saman opplevelsen av reiseprogram i roadtripformat med fristelsane av god mat og moroa ved inntaket av moderate mengder vin.

Gjennom ein månad fordelt over fire halvtimesprogram og eit timeslangt utfordrar Oz Clarke James May på grunnleggande område innan vinkjenning, det vere alt frå druer til laging og smaking. Det kjente grepet med å sette ulike personar i lag for å skape underholdning er brukt her, Clarke er vinelskar og meir sofistikert enn bilelskaren May. Konfrontasjonane er aldri seriøse eller destruktive for vennskapet som dannar seg i løpet av serien, men bidreg heller til å oppretthalde ein ledig tone til dette lune, koselege programmet. May er kanskje i mot det mest hardbarka vinpratet, poenget med eventyret er likevel alltid fokusert på ulike typar vin og kulturen rundt.

Programformatet er ikkje blant dei mest utfordrande, «Oz and James’s Big Wine Adventure» er likevel interessant og eit fint kultivert tillegg i kvardagen, med akkurat nok episodar synst eg dette var heller kjekt og utelukkar ikkje eit nærmare blikk på sesong 2 som blei filma inn i California.