January Man (1989)
I quit! I’m going home, I’m gonna make some paint and try to do something original.
Alan Rickman sine ord avslutningsvis høyres ut som noko regissør Pat O’Connor kunne ha sagt om han hadde vore sjølvbevisst på kvaliteten til «January Man». Mitt ferske forsøk på å gjere noko originalt på Filmdagbok, opne ein ny månad med film under passande tittel, slo tilbake i ansiktet mitt då eg måtte gå eit par plassar ned på lista over foretrukne filmar.
Stjernespekka, med namn som Kevin Kline, Susan Saradon, Harvey Keitel, Alan Rickman, m.fl., «January Man» ser kanskje ut som ei god pølse, diverre er den fylt med dårleg fargestoff og usunt feitt. Med andre ord er den like dårleg som metaforane mine. I skodespelet ligg det lite som kan bygge opp under personane sine følelsar, aggressivitet, handling, tenking. Sjølve tråden i filmen med ein seriemordar på frifot i New York forsvinn bak forsøka på å skape sterke karakterar og anna som folka bak filmen måtte ha inntrykk av at var viktig for å lage god film. Sjølvsagt er det viktig, men like viktig er å balansere filmen.
Spørsmålet eg stiller meg sjølv etter å stå bak slik kritikk er kvifor eg gadd å sjå heile. Greia er at «January Man» faktisk appellera til den nysgjerrige sansen min, eg var genuint interessert i å finne ut kven mordaren var, mest for å sjå om det blei løyst på ein like banal måte som mykje anna her. Underholdningsverdien i så mykje overfladisk interaksjon mellom kjente skodespelarar er innimellom ganske høg, musikken er i fin veksling mellom god og passande for thriller ned til 1980/1990-tals electronicaklimpring og gir eit godt bilde på vekslinga mellom gode og dårlege sider i filmen, med ei overvekt på electronicaklimpring. Mary Elizabeth Mastrantonio kan nemnast som eit siste lyspunkt, då ho med sin gigantiske permanent likevel framstår som søt nok til å gi minst 2 poeng på vegne av ei tynn romantisk sidehistorie, diverre trekk Kevin Kline ned igjen totalen til eit enkelt poeng der.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

(0 hittil)