Archive for februar, 2008

American Wedding (2003)

fredag, februar 29th, 2008

IMDb: 6.2/10 (45,254 votes)

American WeddingEit par år etter «American Pie 2» kom «American Wedding», aka «American Pie 3 — The Wedding», viss du har lyst til å leve i uvissa omkring kven som skal gifte seg så har du vel allereie stoppa å lese. Synd du såg på bilde til høgre forresten, så du kan vel like godt fortsette å lese.

College er over, utan så mykje om og men, kva som har skjedd med folk sidan sist har blitt neglisjert og nysgjerrigheita den hardbarka fansen måtte ønske stilt blir aldri gjort særleg med, fleire av birollane har blitt fjerna fordi skaparane ikkje kunne finne storylines til dei, Oz (Chris Klein) er det einaste tapet, grunna andre innspelingar i dette tilfelle, som er verdt å trekke ned for — han utgjorde trass alt 1/4 av den harde kjerna i dei to første filmane. I staden har Stifler blitt henta inn i større grad, kva han har gjort sidan film 2 blir aldri diskutert, men det er klart at han kombinerar bussjåfør og trenarjobb for highschoolfotball.

Det er altså bryllaup på gong, Jim og Michelle skal gifte seg, per definisjon av tenåringskomedie skil altså denne tredje filmen seg ut, men beheld Jim som meisteren av flaue scener, kvalme innslag med Stifler og spenninga mellom Finch og Stifler grunna Stifler’s Mom. Kevin hamnar er alltid tilstades, men gjer aldri noko viktig. Kombinasjonen av bryllaup og tullehumor fungerar ikkje så altfor bra, fleire av karakterane er blitt kjedelege med alderen. Den nemnte spenninga mellom Finch og Stifler utviklar seg til å bli konkurranse når den heite søstra til Michelle dukkar opp, her byr filmen på si beste sidehistorie.

American Wedding bilde«American Wedding» har eg kun sett ein gong tidlegare, den har ikkje spesielt høg gjensjåingsverdi, men går glatt ned som midt på treet humor. Eg blir i det sentimentale hjørne som tidlegare var forbeholdt slutten på «American Pie 2» av å sjå «American Wedding», American Wedding bilde2blanda med skuffelse over at dette aldri går spesielt i djubda på nokre av karakterane sine og at oppbygginga av historia rundt bryllaupet er ribba for originalitet: 1. Møte og imponere svigers. 2. Utdrikkingslag. 3. Kaos før bryllaupet. 4. Lykkeleg slutt. Filmen har ikkje så mykje den vil fortelje av meining som dei forrige, å velje bryllaup som filmens senter er å flytte seg i naturleg retning når det gjeld livets store augeblikk, men kor blei det av collegegraduation? «The next step» som tidlegare har vore viktig har dei vakse av seg, men eg sit med den ærlege opinionen om at «the next step» rundt collegegradutation hadde gjort seg betre, likeheitene til highschoolgradutation til tross.

Eg vil ikkje trekke «American Wedding» ned i dritten, over åra har eg blitt for glad i castingen til å avsjå fillmen fullstendig, men den har fatale manglar og heng dårleg saman med resten av serien. Som avlslutning er den også berre halvt verdig. Den legg seg på eit nivå altfor mange av tenåringskomediane gjer, viss me igjen skal inkludere den i sjangeren. Som komedie byr den likevel på nokre ubetalege scener, og kva filmseriar gjeld er eg tilhengar av å køyre løpa fullt ut.

5/10

American Pie 2 (2001)

fredag, februar 29th, 2008

IMDb: 6.2/10 (58,469 votes)

American Pie 2«American Pie» vart ein stor suksess og at «American Pie 2» kom to år etter var ingen bombe. Første år på college er over og forutan Oz sitt har liva stort sett stått stille. Ein lang og kjedeleg sommar, grunna politiet sitt aktive arbeid mot private festar, står for døra då Kevin kjem med ideen om å leige eit sommarhus ved innsjøen (les: Lake Michigan) og jobbe/feste gjennom 12 veker, noko bror hans (Casey Affleck returnerar her i sin ukrediterte rolle frå «American Pie») gjorde. Jobbing åleine kan ikkje dekke utgiftene og Stifler (Seann William Scott) må bli med, takk og pris, utan denne bølla hadde spesielt «American Pie 2» vore merkbart mindre moro.

Film nummer to når ikkje opp til den første, filmen involverar ikkje alle på like godt grunnlag som den første, dette betyr ikkje at eg mislikar «American Pie 2», som meget sannsynleg er den filmen eg har sett nest mest gonger i løpet av livet mitt. Tema her er mellom anna å bli vaksen, eit møte desse ungdommane stod ovafor i «American Pie», men som fleire av dei strengt tatt har skyvd litt framfor seg gjennom første år på college. Det handlar om å innsjå at livet er i ferd med å forandre seg og det som var viktig tidlegare ikkje nødvendigvis bidreg til lykke for dei no. Dette sagt, «American Pie 2» køyrer høgare tempo, fleire tullete komiske innslag og meir festing. Serien kunne ha tent seg med å stoppe etter denne, då det er ein verdig nok avslutning. For dei spesielt interesserte er det gøy å sjå at både Adam Brody («The O.C.») og Nora Zehetner («Brick») dukkar opp som High School Guy og Girl at Party tidleg i filmen, blant dei første rollane til begge.

6/10

American Pie (1999)

fredag, februar 29th, 2008

IMDb: 6.9/10 (94,453 votes)

American PieI 1999 kom brødreparet Weitz i lag med Adam Herz ut med det som er ein av dei meir vellykka tenåringskomediane sidan den moderne varianten av sjangeren oppstod på starten av 1980-talet. «American Pie» er, ved sidan av å vere den filmen eg har sett flest gonger i løpet av livet mitt, ei vellykka blanding av på-kanten humor og hjarte. Her får me for første gong møte Jimbo, Kevin, Finch og Oz… og Stifler. Desse fire (eksl. Stifler) er faretruande nær å fullføre high school som jomfruer og inngår ei pakt om å støtte kvarandre til «pakke ut pikken og faktisk bruke den», om Stifler (Seann William Scott) skal siterast.

«American Pie» byr i all enkelheit på fire delvis ukontrollerbare tenåringsskjebnar, nokon meir enn andre, som blir forsøkt overvunne. Jimbo (Jason Biggs) fungerar som ein slags hovudperson og filmseriens bindeledd og gir oss den eine flaue episoden etter den andre, episodar me kan trekke lærdom av viss me legg veldig mykje kreativt tankearbeid i prosessen. Far til Jim er eit morosamt sidekick her som mellom anna tek far/sønn-samtalen til dei grader ut av proporsjon og legg ny meining i ordet forståelsesfull.

American Pie

Kevin er den i gjengen som allereie har kjærast og ventar på det rette augeblikket. Finch er rar, men smart og Oz er sportsfyren som prøver å bli følsom for å vinne damer via utappa resurssar som skulens kor. I den første filmen skal desse tre absolutt ikkje oversjåast, men det vil vere uheldig å bruke for mykje tid på å fortelje deira personlege sider rundt ein film som «American Pie».

Det flotte med filmen ved sidan av at den byr på mange morosame augeblikk er at den tek for seg ei veldig viktig side ved å vere tenåring; å finne ut kven ein er og kva ein vil. At karakterane her har ulikt hell på område betyr lite, når dei 90 minuttane filmen varer er over sit ein ikkje igjen med kjensla av å ha sett pur rølpekomedie, sjølv om fleire av dei komiske augeblikka her strengt tatt er på kanten til usmakeleg opplever eg «American Pie» på heilt anna vis enn f.eks. nyare «National Lampoon» eller spinoff-serien «American Pie Presents» som strengt tatt ikkje har noko med dei tre første filmane å gjere. Historiane til karakterane har komme gjennom skalet og vegen gjennom dei tre siste vekene av high school går i behageleg tempo der viktige trinn undervegs får akkurat nok merksemd.

8/10

Love and Death (1975)

torsdag, februar 28th, 2008

IMDb: 7.6/10 (10,525 votes)

Love and deathEin av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

8/10

Silent Running (1972)

onsdag, februar 27th, 2008

IMDb: 6.7/10 (4,931 votes)

Silent RunningValley Forge, anno ukjent framtid, romstasjon for bevaring av skogar og planter. Lite blir sagt om jordkloten anna enn at skogar er utdøydd og at menneska ikkje ser ut til å bry seg. I flåten Valley Forge er del av blir ei ordre om å løysne, for deretter å sprenge drivhusa oppstand for frustrasjon hjå ein i mannskapet, den naturglade av dei, eit syn ingen av dei andre ombord ser ut til å forstå — meir frustrasjon!

Det skjer det som må skje og etter ei stund er Bruce Dern, eller Freeman Lowell som han går under i filmen, åleine igjen med tre reperatørdronar som følgesvenner. Sidan må han takle uviss lang tid åleine drivande i verdsrommet grunna nokre småting som skjer i mellomtida.

Under tida me følger Lowell skjer det ikkje dei heilt store tinga, han må takle åleinetilværelsen og søker selskap i dronane som han omprogrammerar til bl.a. pokerspeling. Slik går filmen sin gong, i blant med songar sunge av Joan Baez som avbrekk (berre på lydsporet) frå stillheita og monologane til Lowell.

«Silent Runnning» hadde ikkje det største budsjettet å rutte med, sjølve romstasjonen er ein 8 meter lang modell og spesialeffektane er rimeleg enkle, men effektive, det trengs ikkje mykje når det føreligg kunnskap om korleis det skal brukast. Då mannen bak effektane er den same som stod for dei i «2001: A Space Odyssey» kan eg også trekke parallellar til denne filmen på andre måtar, «Silent Running» er ein «extra light» variant «2001» — der tempoet fordelt på lengda og taletid er betrakteleg heva — likevel er ting som menneske og maskin, stemningsbygging (stillheit) og det ukontrollerbare og ukjente i verdsrommet sentralt. No må dette for all del ikkje sjåast på som ein måte å forenkle «2001», men det er no eingong slik at «Silent Running» ligg nærmare den enn f.eks. «Star Wars»

Tross at «Silent Running» har sjarm i bøtter og spann kan eg ikkje med handa på hjarte anbefale den. Då den innleiingsvis opnar med å problematisere menneska si henslengte haldning til naturens undergong gleda eg meg regelrett for resten, men etter å ha tatt eit jafs i eplet er resten kasta i den gjenværande bøtta sjarm ikkje klarte å fylle, resultatet er eit veldig stort fokus på åleinetilværelsen til Lowell, som strengt tatt ikkje går særleg djupt og ikkje bidreg med den store underholdninga heller. Ikkje før slutten (av filmen) er nær skjer det noko meir som set fart på hjerneaktiviteten igjen.

6/10

Threads (1984)

tirsdag, februar 26th, 2008

IMDb: 8.0/10 (1,704 votes)

Threads«Threads» er ein liksomdokumentar om etterverknadane av atomkrig. Tematisk sett ligg den altså ikkje langt unna «The Day After» som eg såg forleden, men pga. formen blir inntrykka noko annleis.

Sheffield, midten av 1980-talet, gjennom eit par ordinære britiske familiar får me oppleve den globale spenninga stige då USA og Sovjetunionen kranglar over Iran, etter lange 50 minuttar veit me uansett at dette vil ende i at Storbritannia får smake atombombene til Sovjet. Sidan følger me nedturen, både den kortsiktige og langsiktige, stadig avbrote med fakta i tekstform og svart/kvitt stillbilde.

Det er ingen tvil, «Threads» skiltar med sterke bilde, eller kanskje groteske er meir beskrivande, det er skittent, fuktig, full av blod og gørr i alle krinkar og krokar. Men som med første timen går eg lei etter kvart, altfor lange dokumentarar er slitsomt for vedkommande, og med dokumentarform blir også «Threads» dette. Eg vil likevel ikkje ta i frå filmen kredibilitet, dei anslåtte etterverknadane er gjennomtenkte og dannar eit grusomt bilde lite anna enn atomkrig kan.

Eg held ein knapp på «The Day After» framfor denne, for når bilda blir for gjentakande og tida sneglar seg fram blir mangelen på karakterar å bry seg om merkbare.

5/10

Cassandra’s Dream (2007)

mandag, februar 25th, 2008

IMDb: 7.2/10 (3,184 votes)

Cassandras DreamMed «Cassandra’s Dream» har Woody Allen for tredje gong på rad tydd til London, i denne er også skodespelarasemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.

Historia er av typen som involverar pengar, ei ulovleg gjerning og skyldkjensle. Det startar med kvardagstilværelse og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brødrene har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tek eit dårleg val for å skaffe fleire pengar.

Allen tek ikkje sjansen på å halde pokerfjes her og serverar alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri frå dei store overraskelsane, men ikkje fri frå spenning, ein del takka vere effektiv musikkbruk, mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Farrell går godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidreg med mykje av filmens psykologiske kraft. «Cassandra’s Dream» går sin gong med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frå typiske Allen-filmar, på ein god måte. Det er kanskje ingen mesterverk, dei høgaste toppane står uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode («Match Point» og «Scoop») siste åra.

8/10

Breakdown (1997)

lørdag, februar 23rd, 2008

IMDb: 6.7/10 (11,713 votes)

Jeff Taylor og kona er på flyttflott og har valgt «the scenic route» på veg mot California, dette inneber avsidesliggande småbygder og kriminelle hillbillies. Jeff som er spelt av Kurt Russell er den sjølvskrivne helten når sjangerbeskrivelsen er action og thriller. Kona blir kidnappa når lokale tilbyr hjelp ved eit uheldigt motorstopp Jeff og kona får med den splitter nye bilen sin, og han må ta saken i eigne hender.

.. såg eg filmen? Kurt Russell er kul, det er det ingen tvil om, filmen har fått greie tilbakemeldingar og handlinga virka spennande og enkel nok til å gjere «Breakdown» ein filmkveld verdig med dei rette forventingane knytt opp mot den. Thriller i ingenmannsland med hillbillies og høg biltemperatur er likandes i desse kretsar.

«Breakdown» byr ikkje på dei store overraskingane i oppbygginga, men blir aldri tåpeleg eller irriterande på grunn av den dels forutsigbare retninga filmen tek. Det ligg i korta at Jeff hamnar i ein håplaus situasjon og at me må følge denne ei lita stund før konfrontasjonen med skurken står for døra. Med sine 90 minuttar blir strengt tatt ingen av sekvensane for lange og det er eit godt driv heile vegen. Originalitet er vanskeleg å knyte til «Breakdown», truverdigheit mot sjangeren derimot… Første del er tam i blant, det kunne ha vore bygd meir opp rundt stemningae, men det blei heller aldri kjedeleg.

.. skal du sjå filmen? Vel, du treng strengt tatt ikkje gjere det, men synst du derimot det over talar til fordel for filmen er jo saken grei. Kurt Russell spelar ikkje den mest spennande karakteren, sett i kontrast til Snake Plissken («Escape from New York», «Escape from L.A.»), men styrer friskt unna å ende opp som den verste stereotypen eg gjerne knyttar til denne type film, altså «mannen som i ein pressa situasjon plutseleg blir verdens mest hardbarka og erfarne actionhelt».

Mangel på originalitet, på sterkare stemningsbygging og på spennande karakterar er med å halde karakteren godt under tretoppen, dessutan blir eg aldri skremt eller forstyrra av skurken spelt av J.T. Walsh. Ingen spesifikke ting der å sette fingeren på som negativt, så det var sagt, men heller ingen 10-poengar på magekjensla. Når det kjem til dei verkeleg spennande delene av filmen er det høg nok adrenalinfaktor til at eg køyrer på med ein sterk 6 av 10.

6/10

Shadows and Fog (1991)

torsdag, februar 21st, 2008

IMDb: 6.4/10 (5,755 votes)

Shadows and fog1992 og svart/kvit. Tonnevis med kjente skodespelarar i større og mindre rollar. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har «Shadows And Fog» mykje for seg, på film er det ikkje fullt så engasjerande som det er lov å håpe på, likevel om Woody Allen held seg i tøylane og humoren handlar lite om nevrotikaren. Eg saknar den kalde kjensla av skodde og mordmysterie fange meg, men likar bilde og alt som har med kamera å gjere, måten kjente ansikt i birollar aldri tek stel fokuset frå filmen i heilheit. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.

6/10

Broadway Danny Rose (1984)

torsdag, februar 21st, 2008

IMDb: 7.4/10 (7,004 votes)

Broadway Danny RoseEin av Woody Allen sine betre filmar, han sjølv spelar manager for smørsongaren Lou som er i ferd med å gjere eit suksessfullt comeback. Mia Farrow er elskerinna til Lou. Tilsaman utgjer dei trioen sentral i historia om manager Danny Rose og hans kanskje viktigaste klient. Fortalt over bordet på ein kafé i New York er stemninga satt frå første stund, Allen er best når byen er bakteppe. 80 minuttar i svart/kvitt gir tid til ein smått nedtona komedie med ei historie som ein kan knytte seg til, definitivt ei plassering på topp 10 Woody Allen lista mi. Fin.

7/10