roar
03-feb-2008

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok (1973)

(IMDb)

Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amokEtter tre litt ujamne filmar i serien, var det endeleg klart for den første skikkeleg gode «Olsenbanden»-filmen. «Olsenbanden og Dynamitt-Harry går amok» er ei litt meir seriøs utgåve av banden, sjølvsagt med ein del komiske scener, men med betydeleg færre teite og amatørmessige scener som spesielt prega den første og tredje filmen. Samspelet mellom bandemedlemmane byrjar no også å fungera betre, og med ein Harald Heide-Steen Jr. i storform som Dynamitt-Harry vert det ein god del artige scener.

Etter eitt mislukka kupp i Oslokinoen Colosseum, kjem Egon som vanleg ut frå Botsen med ein pakke under armen. Men denne gongen er det berre Dynamitt-Harry som ventar på han. Benny og Kjell har nemleg skaffa seg jobb på kolonialforetninga til Benny sin komande svigerfar. Sjølv om Egon prøver å overtala dei med ein genial plan, er dei vortne så avhengige av lønsslippen sin at dei ikkje vil gje slepp på jobben sin.

Ein dag vert Benny og Kjell feilaktig anklaga for å stjela frå butikken sitt pengeskap, og hamnar sidan i kasjotten. Egon greier ved hjelp av Kjell sin son Basse å redda dei to ut frå politiet sine klør, og dermed vert dei meir venlegestilt mot Egon og planen hans. Planen til Egon denne gongen går ut på å stjela på 6 millionar kr. i svarte pengar, som tilhøyrer kongen av det ulovlege pengeutlånarmiljøet i Oslo, nemleg direktør Hallansen. Pengane er gøymt i eit sikkert pengeskap som få veit om - Egon veit sjølvsagt om det. Han delte celle med den tidlegare advokaten til Hallansen, og fekk opplyst koden til safen av han. Det er likevel ikkje så enkelt å koma seg inn i bygninga der pengeskapet er gøymt. Bygningen er bevakta av profesjonelle gorillaer døgnet rundt, i tillegg til at rommet der pengane befinn seg er konstruert med eit elektronisk varslingssystem.

Politiet med kriminalbetjent Hermansen i spissen er også byrja å sirkla inn pengeutlånarane, så her gjeld det å skunda seg for banden før politiet slår til.

Går amokDet er ein del artige detaljar og scener i denne filmen. Ein av dei er at Hermansen denne gongen nyttar seg av vanlege Egon-uttrykk som «alt er taima og tilrettelagt» og «aksjon starter i morra tidlig» i sin eigen politiaksjon. Ein annan ting er måten Egon greier å koma seg inn på rommet der pengeskapet befinn seg, rett og slett genialt utført av bandesjefen sjølv. For ikkje å gløyma når han vert stengt inne på fryselageret i same bygning. For å få han ut derifrå må Dynamitt-Harry gå i gong med spregningskunstane sine. Nedtellinga til sprenginga føregår samtidig med politiet si eiga nedteljing til deira aksjon. Kort og greitt kan ein seia at både humordelen og spenningsdelen er vorten mykje betre samanlikna med dei tre første filmane. Etter det eg kan hugsa var det også denne filmen i serien som fekk best besøkstal på kinoen i si tid. Kan til slutt nemna at dette var den første heile «Olsenbanden»-filmen eg såg, og den fekk meg til å verta skikkeleg interessert i denne filmserien.

Vurdering: 8 av 10