ness
05-feb-2008

Nordkalotten 365 sesong 1

8 episodar.

Nordkalotten 365Lars Monsen, ein av Noregs mest populære friluftsmenneske, turguru, forfattar av naturbøker og så mykje meir. I Nordkalotten 365 skal han tilbringe eit år i naturomgivelsane i nord, dei åtte programma er delt opp i åtte turar, så det handlar ikkje om å vere åleine og isolert frå sambuar og forsyningar nødvendigvis. Her er små smakebitar frå kva episodane kan by på:

1: Anárjohka. Monsen set seg i kanoen og padlar i grenseområda til Noreg/Finland, han reiser på elgjakt og får eit inntrykk av nordnorsk jegerkultur.

2: Pasvikdalen og tidleg vinter, snøen byrjar så smått å legge seg tynt over bakken, Monsen går til fots med den relativt unge kløvhunden Foss. Bjørnerikt område, sjølv om møta uteblir.

3: Det er juletider i Lappland, mørketida gjer at dagane må nyttast godt og det blir mykje soving på Monsen.

4: Med hundane til sambuaren set Monsen ut på det krevande Finnmarksløpet, 1000km skal tilbakeleggast og det skal bli lite søvn på både førar og hundar.

5: Hund og ski er bytta ut med snøscooter då Monsen blir med på reinflytting, våren nærma seg og reinsdyra skal flyttast frå fjell til fjord.

6: Siste pust frå kong Vinter blir til vår. Monsen set ut på tur med kamerat og sambuar, fortset åleine med hunden Foss og kano, fiskar, besøker nasjonalpark, lever villmarkslivet.

7: Våren er i fullt køyr, Monsen reiser på fjellfiske med ein anna kamerat og besøker folk som driv med gullvasking i Lemmenjok.

8: Kanotur deluxe, Monsen og hunden Foss storkosar seg i tilnærma urørt natur nord i Finland, padlar på Enaresjøen og fiskar så det held til både frukost, lunsj, middag og kvelds.

Har du lyst å sjå serien, last den ned i god kvalitet, gratis og lovleg frå NRK via BitTorrent på denne sida.