Pilot Pig and the Steelballs Tanukis
Teknisk sett vart «Nausicaä» laga før Studio Ghibli blei oppretta, men la no det forbli gløymt for denne gong.
Nausicaä of the Valley of the Winds (1984)
Sjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og tok gripetak på meg frå første stund, samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert, det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg i forhold til desse reaksjonane.
I hovudrolla finn me den unge prinsessa i Vindenes Dal, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit krysningsfartøy av seglfly og hangglider, mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land. Behandla frå ståstaden til den unge jenta tek verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Ghiblifilmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Porco Rosso (1992)
Ei forheksing har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bolig under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid. Filmen tek overraskanda lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso (tidl. Marco), men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyen hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat. Handlinga er i all enkelheit spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for augene her. Saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles greit.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Pom Poko (1994)
I Japan finst det eit vaskebjørnliknande dyr som heiter tanuki og som kan transformere seg og ikkje minst dei gigantiske testiklane sine, det ser ganske sjukt ut og begrepet barnefilm visnar litt bort. (Studio Ghibli har vel sjeldan vore påstått å lage barnefilmar, men ta «Totoro» eller «The Cat Returns»). «Pom Poko» handlar om (eg vel å bruke betegnelsen vaskebjørn her for enkeltheits skuld) vaskebjørnar som må kjempe mot dei stadige utbyggingane til Mr. Japan, skogane forsvinn og dei må bruke kreftene sine til å stoppe dette. Kampen er ganske håplaus frå første stund, kan dette gå bra? 2 timar seinare med gjespen i kjeften og hovudet mellom hendene var svaret klart for min del, sjølv om eg skulle ønske det tok timen mindre. Vel har Studio Ghibli laga flott animasjon her, med sjuke transformeringar og valdelege vaskebjørnar, men lengda og tempoet i lag med vaskebjørnane som karakterar fungerte rett og slett ikkje bra nok for underteikna.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Dyrene i Pom Poko er tanukier, ikke vaskebjørner (selv om de sikkert kalles det i undertekstene). Tanukiene tilhører hundefamilien, og er således ikke i slekt med vaskebjørner i det hele tatt - selv om de ligner på dem.
Sharkbait: Fint å vite, er ikkje så stødig i japansk, så er nok undertekstane eg har gått etter, ja. Vel, teksten er til dels retta no.