ness
09-feb-2008

Life on Mars sesong 2

8 episodar.

Life on Mars series 2Utover dei åtte episodane som utgjorde første sesong (ev. series som det heiter i Storbritannia) blei eg stadig meir glad i «Life on Mars» som eg ved første møte i 2006 gav rimeleg fort opp. Sesong to tek Sam Tyler, Gene Hunt og resten av politiavdelinga til vegs ende over åtte nye.

Forutan dei to siste episodane er dette ei vidareføring av oppskrifta brukt tidlegare, det fungerar godt, men eg merka eg blei stadig meir utålmodig og ville eigentleg berre få med meg slutten. Enkeltepisodane er gode nok, greia er at eg ikkje merkar noko drivkraft mellom dei, det går litt i stampe.

Vinglinga frå ei meining til anna på dette område får meg ikkje bort i frå at serien på sitt beste er knallsterk, både når det kjem til karakterutfolding, miljøbeskrivelse og energi. Sluttar på tv-seriar som går over fleire sesongar er eit lite minefelt, her skal gjerne fleire trådar avsluttast på ein måte som er serien sin vante stil verdig, dette løyser «Life on Mars» utmerka godt og med tid og stunder vil nok eg hugse serien for dei gode sidene.

BBC har nyleg starta opp ein spin-off som heiter «Ashes to Ashes», her er det ei kvinneleg politidame frå 2008 som etter ei ulykke vaknar opp i 1981, og neimen er det ikkje Gene Hunt, Chris Skelton og Ray Carling som er her og. Noko som har med å gjere at kvinna, Alex, har satt seg inn i rapportar Sam Tyler skreiv. Det blir spennande å sjå kva denne serien kan bringe.

 
Jannicke har sagt:

Jeg liker også sesong 1 best, men sesong 2 har mange veldig gode episoder, og jeg blir nok aldri lei av å se John Simm gråte, spesielt mens han klemmer tven. Den nest siste episoden gjorde meg glad i hjertet over hvor gode venner Sam og Gene har blitt, og den aller siste førte til mye pute-klemming og hyling, om jeg skal være pinelig ærlig.
Jeg har sett første episode av Ashes to Ashes, og er litt usikker på hva jeg synes så langt. For det første er 70-tallet så mye penere å se på enn 80-tallet, og det er tungt at Sam ikke er der. Alikevel har den definetivt sine gode sider og, og jeg kommer til å se meg gjennom serien om det så bare er for å sikle på Gene som det kvinnesvinet jeg er.

Jacob har sagt:

Ashes to Ashes, jeg antar det er Bowies låt som åpner første episode da? Da burde vel første serie hett Space Oddity og ikke Life on Mars…? :)

Jannicke har sagt:

Ashes to Ashes er ikke åpningslåta, men den spilles i løpet av episoden, det kan jeg love. Hvorfor den skulle hete Space Oddity i stede for Life on Mars skjønner jeg dog ikke. Life on Mars passer perfekt inn og spilles i løpet av seriens tre viktigste øyeblikk.