ness
10-feb-2008

30 Days of Night (2007)

IMDb: 6.9/10 (18,018 votes)

30 Days of Night (2007)David Slade som stod bak den skremmande og temafokuserte «Hard Candy» har fått æren av å leie Josh Hartnett inn i det som er nok ein skremmande film, på ein litt anna måte.

I motsetning til «Northern Exposure» tek denne mindre koselege historia plass i ein faktisk by i Alaska, Barrow er ein av dei nordlegaste i verda med meir enn 2000 innbyggarar. «30 Days of Night» hoppar hit ved starten av mørketida då byen har tretti dagar utan sol framfor seg, flesteparten av befolkinga har reist sørover for månaden og eit mindretal, ca 150, er igjen.

Like før sola forsvinn eksploderar tala på vandalisme og sheriff Eben Oleson (Hartnett) får ein liten forsmak på tida som kjem, snart kryr byen av blodtørste vampyrmutantar.

«30 Days of Night» kunne fort ha feila, den ligg faretruande nær gothinspirerte vampyrfilmar med mykje blod, «tøffe» vampyrar og dumme menneske. Men så klarar den likevel å halde seg på rette sida, dei fleste som er i ferd med å avsløre gøymeplassane i løpet av filmen kjem fort til fulle fem igjen, få er ute etter å vise helteferdigheitar og så vidare. Det vil ikkje sei filmen er perfekt, det er småting innimellom som gjer at dette aldri vil bli ein toppfilm. Eg ser ingen grunn til å trekke fram desse sidene her, men let det vere nemnt.

Sider som får meg til å sette nok pris på dette ganske rett fram møtet mellom menneske og vampyrar er at blodet og snøen går så godt saman, at snøen virka kald, at vampyrane er skodespelarar med make-up (framfor dataanimerte), og at nok av fokuset ligg på den håplause situasjonen til å kunne godta mengdene med blodsutgytelse som tek plass. Foto er gjort med sansen for detaljar og hevar inntrykket eit hakk åleine, kan godt hende det er tungt inspirert av stilen til teikneserien, i blant hentar filmen utsnitt som teikneserieruter gjer, men preget av å vere ein adapsjon er ikkje gjennomsyra som i f.eks. «Spider-Man».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10