Wilby Wonderful (2004)
På ei lita øy, gud veit kor, men filmen er kanadisk og har blant anna Ellen Page på rollelista, bur eit lite utval meir eller mindre interessante menneske som utgjer nok problematikk til å danne grunnlaget for «Wilby Wonderful».
«Wilby Wondeful» er ein av desse rolege filmane, med mindre budsjett og eit par kjente namn samt litt flott musikk, som får «indie»-stempelet sleng etter seg. Det er ingen viktig raud tråd, men heller nokre menneske som knyttar dette saman ved at dei kjenner kvarandre og alle strir med problem i ulik grad, og at dette skjer i oppløpet til øyas Wonderful Wilby-festival.
Den positive sida til filmen er at eit par av problema har blitt gjort sopass alvorlege at det gir litt ekstra å følge med, filmen tek større avstand frå å spele på sære menneske enn fleire andre indieproduksjonar som har gjort seg bemerka gjerne har gjort og overlet oss heller til eit lite øysamfunn utan dei største karikaturane. Dette får meg innpå minuset, som nemleg er at det aldri skjer dei mest merkverdige tinga som får meg til å fatte djup interesse, det blir litt for slappt i lengda, sjølv om det er ein fin film.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
