Olsenbanden møter Kongen og Knekten (1974)
(IMDb)
I film nr. 5 i serien dukkar Olsenbanden sine to største rivalar opp, Kongen og Knekten. Merkeleg nok har dei ikkje vore nemnde tidlegare… Det som er verre er at mykje går på tomgang i denne filmen, den verkar både rotete og lite samanhengande. Kongen og Knekten er forsåvidt to interressante figurar, men det er jo Olsenbanden og deira planar ein først og fremst vil sjå når ein ser ein «Olsenbanden»film.
Denne gongen kjem Egon med ein plan om å stela 4 millionar kroner i momspengar, som dei skal få tak i ved å rana ein pengetransport. Planen vert gjennomført nøyaktig som planlagt, dermed er banden 4 millionar rikare, enn så lenge. Kongen og Knekten har nemleg kasta sine auge på utbyttet, for dei veit godt kven som har stole pengane. Med ei avleiingsmanøver greier dei å finna skjulestaden der pengane er gøymt og tek dei med seg i same slengen. Men Olsenbanden har ikkje tenkt seg å gi seg så lett.
Dette er nok den svakaste filmen i serien, mykje grunna eit heller svakt manuskript og treig framdrift. Det einaste som er verdt å få med seg er korleis banden ranar pengetransporten i starten av filmen, akkurat den biten er det god «Olsenbanden»klasse over. Men etter det er det full stopp, med ein god del usannsynlegheiter og scener som ikkje er morosame i det heile. Filmen prøver også å leika seg med musikalsjangeren i ein liten sekvens, det passar ikkje inn i denne type film. Wilfred Breistrand gjer ei totalt unødvendig og umorosam rolle som kriminalsjefen, han ser stort sett berre sur ut og kjeftar på stakkars Hermansen når han er med. Samspelet dei imellom fungerar heller dårleg, bra at Hermansen får friare tøylar og vert meir leiande i politiarbeidet, som i fjerde film, seinare i serien. Medan den forrige filmen hadde ei god spenningsoppbygging mot dei siste 40-45 minuttane med nye planar og påfunn, er det ikkje mykje av nemneverdig karakter som skjer mot slutten av filmen her. Skuffande at regissør Bohwim ikkje har fått meir ut av sopass dyktige skodespelarar. Han har ein god del av ansvaret for at filmen både er rotete og verkar halvferdig.
Vurdering: 2 av 10.

Eg kosar meg verkeleg med denne meldarserien om Olsenbandenfilmane! Det er tydeleg at Roar har eit nær forhold til både filmane, karakterane og menneska bak, og dette gjer at ein får eit meir personleg innblikk i dette viktige stykkje norsk filmhistorie. Ein annan ting som er bra her er at meldaren torer å vera dønn ærleg, utan at det vert usakeleg. Gode argument er alltid eit retorisk must som gjer teksten meir givande å lesa.
Sjølv har eg eit ganske nært forhold til filmane om Olsenbanden av nostalgiske grunnar. Desse filmane er nokre av få filmar eg kan sjå mange gonger utan å gå grundig leiEg trur dette har med den enkle, men morosame forteljarstilen og dei fargerike og mangfaldige karakterane å gjera.
Hald fram med det gode arbeidet, Roar :)