The Last Train miniserie
6 episodar.
«The Last Train» er ein miniserie av det post-apokalyptiske slaget, datert 1999 og opprinneleg sendt på britiske ITV. Den handlar om etterspelet til eit asteroidenedslag og følger ei gruppe meir eller mindre tilfeldige menneske, viss du ser bort frå dei skreddarsydde konfliktorienterte personlegheitene. Under det som er «den siste togturen» blir dei innestengt i ein tunnel når asteroiden skapar jordskjelv, der blir dei nedfrosne av ein gass som ei av passajerane har med seg, Harriet - som ho heiter - visste at nedslaget kom til å skje og var på veg til «dvaleland» med gassen i handbagasjen.

Tida går, dei vaknar opp, først usikre på kva som har skjedd, fortel Harriet dei om gassen og at det må ha gått nokre månader. Vel ute tog og tunnel oppdagar dei at England har blitt folketomt. Harriet er besatt på å finne atombunkersen ho var på veg til før togkrasjet. Undervegs vil ulike interesser blant passasjerane føre til konfliktar, trøbbel møter dei på vegen og den tida gir dei fleire sjokk.
«The Last Train» har den grunnleggande ideen til ein god post-apokalyptisk serie på plass, laga og forfatta av Matthew Graham (han som har laga «Life on Mars») forventa eg sopass - mannen har tydlegvis sansen for å plassere folk i uvante tidsrom for å gi sjåaren gleda av å følge karakterar si tilpassing og avsløring av sin eigentlege natur.
Synd er det at «The Last Train» blei med ideen, dei tre første episodane gjekk greitt ned i vente på noko meir, men det blei med ventinga. Til miniserieformatet forventa eg meir film enn episodebasert handling, her er det stadige hinder som dreg ut i kvar episode, aldri spennande og på bekostning av utviklinga til hovudhistoria. Lite hjelp det at skodespelet er dårleg og karakterane er usympatiske idiotar som gong etter gong etter gong skapar trøbbel for kvarandre ved å ty til dei mest forutsigbare handlingane.
Det er mest på grunn av det låge tempoet at «The Last Train» blir ei tålmodigheitsprøve. Hadde ting skjedd litt fortare, avstanden til målet vore lengre, eit eller anna annleis iallfall - så hadde eg ikkje reagert særleg på avgrensingane. Miljøet me er vitne til er spennande og detaljert, men blir uviktig og uutforska for karakterane. Fordi karakterane som nemnt er kjedelege blir ein sittande å studere andre ting i bakgrunnen, når det så skjer lite nytt der blir ein utålmodig. «Jeremiah», for å samanlikne, er ein amerikansk serie av det post-apokalyptiske slaget med passe avgrensa miljø. I motsetning til «The Last Train» viser den nye område litt og litt, i hurtigare tempo og med mindre dveling, dette gjer at ein sit igjen med nysgjerrigheit for meir framfor å bli lei av det eksisterande. («Jeremiah» er betre på omtrent alle måtar forresten.)
Eg har mange tankar om serien, mest negative, men for å gi meg mens leiken er god hoppar eg rett til avslutninga. At eg skriv dette betyr jo at eg har fullført «The Last Train», tross alt. Grunnen er at eg var sopass nysgjerrig ovafor slutten at eg måtte køyre løpet ut, skuffelsane undervegs lot seg diverre vere forgjeves, slutten er absolutt på nivå med resten av serien.
God ide, dårleg gjennomføring. Ikkje anbefalt og heller ikkje mogleg å få tak i på DVD, så det var sagt.
