Mistresses sesong 1
6 episodar.
Fire kvinner; ei enke, ei forførerske, ei gift og ei einsam. «Mistresses» som utgongspunkt kan likne på ein kva som helst slags jenteserie, men er ikkje det, i staden for å bli grensesprengar på snakk om sex og sånn har denne BBC-produserte serien valgt å legge seg på den alvorlege sida. «Mistresses» er verken humor eller såpe, det er drama og svært alvorleg. Naturlegvis legg det ingen hinder for å gi serien lyse sider, for å merke nedturane skal ein ha opplevd oppturar, skaparane av «Mistresses» har innsett dette.
Problema som blir teke opp her er like innovative som kjøtkaker på eit norsk middagsbord, det er snakk om utruskap, løgner, kjærleik og umoglege forhold. Grunnen til at dette fungerar er at personane alltid framstår som reflekterte menneske, men at ingen er perfekte. Du veit når Siobhan gjer feil, du veit når Katie bør sei stopp, det veit dei sjølve, men sagt er lettare enn gjort, her er det rom for mykje spenning i dramaet, og mykje av grunnen til at «Mistresses» er i live frå start til slutt.
Eit pluss er det og at personane i blant tek gjennomtenkte beslutningar som ikkje berre verkar som ei enkel løysing for manusforfattarane, at dei fleste beslutningane generelt tilfører noko ekstra enn berre framdrift i handlinga. «Mistresses» har verkeleg truffe kniven på egget her. Akkompagnert med passande musikk som heller ikkje blir for melodramatisk, synst eg, og med eit stabilt kobber av britiske skodespelarar med erfaring, gir heller ikkje produksjonen på overflata inntrykk av å vere show-off.
Eg har vore raus med godorda, sannheita er at «Mistresses» treff der den skal treffe, for folk som er ute etter denne type drama naturlegvis.

Du må vere innlogga for å kommentere.