Filmdagbok
ness
17-feb-2008

Tilfredsstillande for Wes Andersons fans

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

The Darjeeling Limited (2007)Darjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brødrene Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving. Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre eit år etter farens død, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.

Turen gjennom India utviklar seg etterkvart til å bli noko anna enn Francis forventa, kanskje ikkje den største overraskelsen for publikum, planen om å oppleve tempel, lære og stole på kvarandre, osv. går kanskje i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre er valgt ein anna veg mot same mål for karakterane sine. Måten Anderson gjennom heile filmen vel avslutte episodar til forventingane forut, utan å definere forløpet på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på, dette fungerar også som er ei sterkare tilknytning til «Hotel Chevalier».

Denne måten alt i både «Hotel Chevalier» og «The Darjeeling Limited» er knytta saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarne og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lagar film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er tilstades i «The Darjeeling Limited». For min del overgjekk denne forventingane mine og eg satte pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Anderson har valgt å trekke fram.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
Captain Charisma har sagt:

God film. Har ikke sett alle filmene til Wes Anderson, men favoritten min er The Royal Tenenbaums. Elsker særheten til karakterene i Anderson sine filmer.