The Day After (1983)
«The Day After», viss tittel ikkje må forvekslast med den middelmådige «The Day After Tomorrow», er ei grafisk beskriving av «kva viss dette skjer» der «dette» er scenarioet mange var redde under den kalde krigen, atomangrep. Laga for tv-stasjonen ABC i 1983 gjekk filmen over til å få kinodistribusjon i blant anna Noreg i 1984, dette gav meg håp og forventingar til ein god film. På skodespelarsida har me dessutan John Lithgow, John Cullum («Northern Exposure») og Amy Madigan («Carnivale»), for å nemne få.
Tittelen spelar tydeleg på at det er etterverknadane som er viktige her, for å skape sterke emosjonelle augeblikk og gi truverdigheit til scenarioet utover i filmen er det viktig og rett gjort å bruke ei stund på å bygge opp til det uunngåelege missilnedslaget. I staden for å køyre på med all verdens lykkelege kjernefamiliar og lystig musikk i fem minutt går det faktisk ei god stund med noko som kjennes lik ein pilotepisode for ein dramaserie med oppbygging til noko større, før alvoret rammar for fullt. Med radio- og tv-sendingar der snakk om Russlands invasjon av Vest-Tyskland er sentralt og med filmplakat og handlingsbeskrivelsar rundt omkring kjem ingenting som ei overrasking. Likevel, når dei første soppane sprett opp er det med frysningar langs ryggen eg ser det skje.
«The Day After» er først og fremst ein spelefilm, i motsetning til «The War Game» frå 1965 som tek for seg eit liknande scenario i dokumentarisk stil er karakterane viktige her i lag med at det heile ser autentisk ut. Som sagt er dette ei grafisk beskriving, og det meste ser verkeleg lekkert ut, tatt øydeleggelingane i betrakning, sett på det med alvorl er situasjonen håplaus, skremmande og har ein sterk politisk bodskap (rulleteksten stadfestar bodskapen). Nedtona musikkbruk er med på å bidra til det grafiske fokuset og bygge opp rundt temaet i det som kan seiast å vere ein publikumsvennleg film. Til å vere tv-produsert overraska den meg positivt på alle måtar og kan trygt samanliknast med ein ordinær film, effektane er gode og elles er det svært lite ved «The Day After» trekk i negativ retning.
Ved sidan av motkommande tog er radioaktivitet ein av tinga som skremmer meg mest, forventingane mine til dette som «kva viss»-film kombinert med gode filmatiske karakterar generelt, blei innfridd, eg synst også den nyttar to timar fullt ut. Om pre-, då- og postapokalyptisk fiksjon med rot i verknadane av atomkrig høyres spennande ut er dette ei anbefaling.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
