Knall film, knullfilm og tullefilm
Fem fleire filmar av, og denne gongen med, Woody Allen.
Everything You Always Wanted to Know About Sex * But Were Afraid to Ask (1972)
Basert på ei bok av David Reuben har Woody Allen fått laga ein tullete kortfilmkompliasjon om seksuelle tema. Dei ulike delene varierar i stor grad frå morsomme til middels, av det som gjorde seg mest bemerka var nok legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment som resulterar i ein gigantisk pupp på avvegar og ei vitskapleg framstilling av dei indre kroppslege mekanismane knytta opp mot seksuelt samkven, der Burt Reynolds er blant dei tilsette i hjernen. Som heilheit blir diverre kompilasjonen småkjedeleg i lengden, Allen fungerar best når han har ei god, samanhengande handling.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Love and Death (1975)
Ein av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med skjønnheita si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Zelig (1983)
Tulledokumentaren om Leonard Zelig, kamelonmannen, som forandrar seg til typen folk han omgir seg med, er utført i god blanding. Filmavis, standard tv-dokumentar med intervju og arkivfoto, det er aldri tvil om at Allen har peiling, dette er stadig, over 20 år etter, friskt redigert. Faktisk så godt at eg gir den status som favoritt tulledokumentar. Allen portretterar Zelig som fot i hose, typisk nok ein nevrotisk person, me får lære å kjenne han på avstand og litt om gongen slik som anna dokumentarfilm ofte fortel om historiske personar, dette passar perfekt. Med 1t 12min held «Zelig» seg frisk heile vegen til endes.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Broadway Danny Rose (1984)
Ein av Woody Allen sine betre filmar, han sjølv spelar manager for smørsongaren Lou som er i ferd med å gjere eit suksessfullt comeback. Mia Farrow er elskerinna til Lou. Tilsaman utgjer dei trioen sentral i historia om manager Danny Rose og hans kanskje viktigaste klient. Fortalt over bordet på ein kafé i New York er stemninga satt frå første stund, Allen er best når byen er bakteppe. 80 minuttar i svart/kvitt gir tid til ein smått nedtona komedie med ei historie som ein kan knytte seg til, definitivt ei plassering på topp 10 Woody Allen lista mi. Fin.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Shadows And Fog (1992)
1992. Svart/kvitt. Tonnevis med kjente skodespelarar i større og mindre rollar. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har «Shadows And Fog» mykje for seg, på film er det ikkje fullt så engasjerande som det er lov å håpe på, likevel om Woody Allen held seg i tøylane og humoren handlar lite om nevrotikaren. Eg saknar den kalde kjensla av skodde og mordmysterie fange meg, men likar bilde og alt som har med kamera å gjere, måten kjente ansikt i birollar aldri tek stel fokuset frå filmen i heilheit. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
