Breakdown (1997)
User Rating: 6.7/10 (11,713 votes)
Kven, kvar og kva
Jeff Taylor og kona er på flyttflott og har valgt «the scenic route» på veg mot California, dette inneber avsidesliggande småbygder og kriminelle hillbillies. Jeff som er spelt av Kurt Russell er den sjølvskrivne helten når sjangerbeskrivelsen er action og thriller. Kona blir kidnappa når lokale tilbyr hjelp ved eit uheldigt motorstopp Jeff og kona får med den splitter nye bilen sin, og han må ta saken i eigne hender.
Kvifor
.. såg eg filmen? Kurt Russell er kul, det er det ingen tvil om, filmen har fått greie tilbakemeldingar og handlinga virka spennande og enkel nok til å gjere «Breakdown» ein filmkveld verdig med dei rette forventingane knytt opp mot den. Thriller i ingenmannsland med hillbillies og høg biltemperatur er likandes i desse kretsar.
Korleis
«Breakdown» byr ikkje på dei store overraskingane i oppbygginga, men blir aldri tåpeleg eller irriterande på grunn av den dels forutsigbare retninga filmen tek. Det ligg i korta at Jeff hamnar i ein håplaus situasjon og at me må følge denne ei lita stund før konfrontasjonen med skurken står for døra. Med sine 90 minuttar blir strengt tatt ingen av sekvensane for lange og det er eit godt driv heile vegen. Originalitet er vanskeleg å knyte til «Breakdown», truverdigheit mot sjangeren derimot… Første del er tam i blant, det kunne ha vore bygd meir opp rundt stemningae, men det blei heller aldri kjedeleg.
Kvifor
.. skal du sjå filmen? Vel, du treng strengt tatt ikkje gjere det, men synst du derimot det over talar til fordel for filmen er jo saken grei. Kurt Russell spelar ikkje den mest spennande karakteren, sett i kontrast til Snake Plissken («Escape from New York», «Escape from L.A.»), men styrer friskt unna å ende opp som den verste stereotypen eg gjerne knyttar til denne type film, altså «mannen som i ein pressa situasjon plutseleg blir verdens mest hardbarka og erfarne actionhelt».
Konklusjon
Mangel på originalitet, på sterkare stemningsbygging og på spennande karakterar er med å halde karakteren godt under tretoppen, dessutan blir eg aldri skremt eller forstyrra av skurken spelt av J.T. Walsh. Ingen spesifikke ting der å sette fingeren på som negativt, så det var sagt, men heller ingen 10-poengar på magekjensla. Når det kjem til dei verkeleg spennande delene av filmen er det høg nok adrenalinfaktor til at eg køyrer på med ein sterk 6 av 10.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Åja, denne husker jeg med glede. Sterk sekser tror jeg er en ganske så riktig karakter her.
Jeg deler lett ut en sterk firer på syverskala til denne.