Filmdagbok
ness
25-feb-2008

Cassandra’s Dream (2007)

User Rating: 7.2/10 (3,184 votes)

Cassandras DreamMed «Cassandra’s Dream» har Woody Allen for tredje gong på rad tydd til London, i denne er også skodespelarasemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.

Historia er av typen som involverar pengar, ei ulovleg gjerning og skyldkjensle. Det startar med kvardagstilværelse og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brødrene har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tek eit dårleg val for å skaffe fleire pengar.

Allen tek ikkje sjansen på å halde pokerfjes her og serverar alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri frå dei store overraskelsane, men ikkje fri frå spenning, ein del takka vere effektiv musikkbruk, mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Farrell går godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidreg med mykje av filmens psykologiske kraft. «Cassandra’s Dream» går sin gong med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frå typiske Allen-filmar, på ein god måte. Det er kanskje ingen mesterverk, dei høgaste toppane står uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode («Match Point» og «Scoop») siste åra.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10